Sykkylven 1170x300 px

 

Kulturskulerektor – 60 % fast stilling

 

Vi har ledig 60% fast stilling som Kulturskulerektor frå 01.08.2025.

Som kulturskulerektor vil du ha ansvar for fagleg og administrativ leiing av skulen, samt strategisk planlegging for at kulturskulen skal utvikle seg i tråd med føringar og behov. Sykkylven kulturskule er ei fagavdeling innan kultureininga og rektor er med i einingsleiar si leiargruppe.

 

Arbeidsstad

Sykkylven kulturskule flytta hausten 2023 inn i nye og tilpassa lokale for musikk- og kunstundervisning ved nye Aure barneskule. Medan danseundervisninga foregår på Sykkylven kulturhus. Rektor har kontorplass i adm.avd. ved barneskulen som ligger i sentrum av kommunen.

Kulturskulen har i dag rundt 4 årsverk, fordelt på 11 tilsette og har dette skuleåret vel 220 elevar. Kulturskulen har tilbod innan musikk, dans og kunstfag. Den har ein god pedagogisk stab med fagleg høgt nivå og vert sett på som eit lokalt ressurssenter som yter tilbod primært til born og unge mellom 0 – 18 år. I 2017 vart det vedteke lokal rammeplan som er førande for kulturskulen sitt arbeid.

Kulturlivet i Sykkylven er aktivt og mangfaldig med mange kor, korps og storband med lange tradisjonar og høgt nivå. Kulturskulen er også inne med korpsundervisning i grunnskulen. Rektor samarbeider med kultureininga sin musikkleiar som har ansvar for det frivillige musikkliv, konsertar og anna kulturformidlling.

Kultureininga og kulturskulen er inne i ein spanande utviklingsfase og det er forventa at rektor tek del utviklingsarbeid i nettverk med kulturskulerektorar i fylket og regionen. Og arbeider for at kulturskulen er ein relevant og inkluderande aktør i lokalsamfunnet og samarbeider godt med aktørar i lokalt musikk og kulturliv.

 

Søknadsfrist: 27.04.2025
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Stad: Sykkylven
Stillingstittel: Kulturskulerektor – 60% fast stilling
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 60
Webcruiter-ID: 4950872203

 

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg og administrativ leiing
  • Personalleiing i kulturskulen
  • Økonomikontroll
  • Samarbeide i Kulturforum om Den kulturelle skulesekken
  • Samarbeid med kultureininga om ulike kulturproduksjonar

 

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig høgare utdanning innan musikk- og kulturfag, og med pedagogikk i utdanninga (PPU)
  • Erfaring frå kulturskule eller anna relevant verksemd
  • Relevant leiarutdanning og/eller leiarerfaring
  • Erfaring med å administrere små og store kulturproduksjoner

 

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein rektor som er fleksibel og initiativrik og som har evne til å engasjere og samtidig vere lyttande til medarbeidarane sine

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

 

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Ei spennande stilling med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk/tariff
  • Obligatorisk tenestepensjonsordning
  • Gode forsikringsvilkår og låneordningar
  • Gratis parkering

 

Offentlegheit

Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar

Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.

 

Aure barneskule, Dalevegen 47, 6230 Sykkylven

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Halstein Kurseth
Kultursjef
Telefon:41605528
E-post:halstein.kurseth@sykkylven.kommune.no

 

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her

 

Sjå meir frå Sykkylven her:

 

Del stillingen

Selskap

Sykkylven kommune

Kontaktinfo

  • Halstein Kurseth
  • Tittel: Kultursjef
  • E-Post: halstein.kurseth@sykkylven.kommune.no
  • Mobil/Tlf: 416 05 528

Lokasjon

  • Sykkylven

Søknadsfrist

April 27, 2025