
Kulturskulelærar i dans – 15% fast stilling
Vi har ledig 15 % fast stilling som kulturskulelærar innan dans (hiphop-stil) ved Sykkylven kulturskule frå 01.08.2025.
Vi søkjer ein dyktig og engasjert lærar som ynskjer å delta i utviklinga av eit godt lærings- og utviklingsmiljø.
Sykkylven kulturskule held til i nye lokale i eigen avdeling i Nye Aure barneskule i Sykkylven sentrum. Her er administrasjon, undervisingsrom og arbeidsplassar for lærarane samlokalisert. Danseundervisninga er lagt til dansesal ved Sykkylven kulturhus.
Skulen har i dag 3,5 årsverk fordelt på 12 tilsette og har inneverande skuleår 220 elevar. Kulturskulen er inne i ein spanande utviklingsfase og fagtilbodet er under utvikling. Den nye rammeplanen for Kulturskulen vert lagt til grunn for dette arbeidet.
Søknadsfrist: 21.04.2025
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Stad: Sykkylven
Stillingstittel: Kulturskulelærar i dans – 15% fast stilling
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 15
Webcruiter-ID: 4945687317
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med minimum bachelorutdanning innan dans med kunnskap om danseforma HipHop
- Andre med relevant utdanning/praksis kan bli vurdert til stillinga
- Det er ønskjeleg med praktisk-pedagogisk utdannning eller tilsvarande pedagogisk utdanning og relevant praksis
- Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova § 10-9
Personlege eigenskapar
- Interesse for å arbeide med barn og unge
- Gode pedagogiske evne
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved ein skule i utvikling
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk/tariff
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gode forsikringsvilkår og låneordningar
- Gratis parkering
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
Aure Barneskule, Dalevegen 47, 6230 Sykkylven, Norge
Kontaktinformasjon
Tom Venås-Gontier
Rektor kulturskulen
Telefon:48113353
E-post:tom.gontier@sykkylven.kommune.no
Halstein Kurseth
Kultursjef
Telefon:41605528
E-post:halstein.kurseth@sykkylven.kommune.no
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her: