banner

 

Dagleg leiar Sunnmøre friluftsråd

 

Sunnmøre friluftsråd

Sunnmøre friluftsråd (SF) er eit kommunalt oppgåvefellesskap for kommunane på Sunnmøre og Vestnes. SF skal stimulere til friluftsliv for alle. Vi vil fremje folkehelse gjennom aktivitet, tilrettelegging, drift av friluftsområde og Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal. SF er eit av 29 friluftsråd under Friluftsrådets Landsforbund og har i dag 10 fast tilsette.

Vi søker etter dagleg leiar i 100 % fast stilling. Dagleg leiar har ansvaret for det administrative arbeidet og den daglege drifta av Sunnmøre friluftsråd, og Skjærgårdstjenesten Møre og Romsdal. Kandidaten må ha stor arbeidskapasitet, vere strukturert, takle utfordringar og vere løysingsorientert i ein dynamisk kvardag. Vi ser etter ein person som evnar å jobbe nært med kommunane, andre offentlege etatar og friluftslivsorganisasjonar. Kandidaten bør ha engasjement for folkehelse og friluftsliv.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 24.03.2025
Arbeidsgivar: Sunnmøre friluftsråd
Stillingstittel: Dagleg leiar 
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID:  4933492465

Arbeidsoppgåver

Økonomistyring
Personalansvar
Leie, motivere og støtte tilsette og frivillige
Sørge for kontakt med våre samarbeidspartnarar, myndigheiter og samfunnsaktørar
Følge opp vedtak i styret, prosjektleiing og porteføljestyring
Drive informasjons- og kommunikasjonsarbeid
Andre relevante oppgåver som ligg under ansvaret til dagleg leiar

Ønska kvalifikasjonar

Høgare utdanning innan organisasjon og leiing. Relevant leiarerfaring kan kompensere for manglande høgare utdanning
Kunnskap om offentleg planarbeid, budsjett- og økonomistyring
Erfaring med prosjektleiing og porteføljestyring veg tungt
Gode IT kunnskapar
Positivt innstilling, god relasjonsbyggar og med evne til å halde i mange arbeidsoppgåver i ulike tema samtidig

Kva vi kan tilby

Ein spanande og utviklande arbeidsstad
Moglegheit til å fremje friluftsliv og folkehelse
Pensjonsordning i KLP
Lønn etter avtale
Fleksibel arbeidstid
Medlem av samfunnsbedriftene
Arbeidsspråket er nynorsk.

Kontorstad p.t. på Digernes i Ålesund kommune.
Meir informasjon om Sunnmøre friluftsråd på www.friluftsraadet.no.

 

Søk på stillingen her.

 

Adresse:Stettevegen 73, 6260 Skodje, Norge

Kontaktinformasjon

Eva Hove, Styreleiar
Telefon:  970 15 014
E-post: evahove1954@gmail.com

 

Del stillingen

Selskap

Sunnmøre friluftsråd

Kontaktinfo

  • Eva Hove
  • Tittel: Styreleiar
  • E-Post: evahove1954@gmail.com
  • Mobil/Tlf: Telefon: 970 15 014

Lokasjon

  • Skodje

Søknadsfrist

Mars 24, 2025