Kyrkjeverje/dagleg leiar

 

  • Suldal kyrkjelege fellesråd
  • Sandsvegen 134, 4230 Sand

 

Om jobben

Stillingstittel: Kyrkjeverje/ dagleg leiar
Type ansettelse: Fast
Antall stillinger: 1

 

Søk på jobben

Søk senest mandag 26. august

 

Gå til søknad

 

Stillinga som kyrkjeverje i Suldal kyrkjelege fellesråd er no ledig.

I fellesrådsområdet (Suldal kommune) er det 4 sokn, 4 kyrkjer og to kapell. Kyrkjekontoret ligg i kommunesenteret, Sand, og i staben er det to sokneprestar, diakon, kyrkjelydspedagog, organist og kyrkjeverje.

Suldal kommune ligg nordaust i Rogaland, og det bur i underkant av 4000 personar i kommunen. Vakker og variert natur som strekkjer seg frå fjord til høgfjell gir gode forhold for friluftsliv heile året. Det er godt barnehage-, skule- og kulturtilbod i kommunen.

 

Arbeidsoppgåver

Kyrkjeverja er dagleg leiar for fellesrådet si verksemd. Dagleg leiar har ansvar for saksførebuing og iverksetjing av tiltak vedtatt av kyrkjeleg fellesråd. Hovudoppgåvene vil vera innafor følgjande felt:

  • Personalansvar for dei tilsette i kyrkjeleg fellesråd
  • Budsjett og økonomistyring
  • Drift, vedlikehald og nyanlegg knytt til kyrkjer/kapell
  • Forvaltning av gravplassar
  • Samarbeid med sokneråda og med kommunen
  • Informasjonsarbeid

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant universitets-/høgskuleutdanning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Kjennskap til organisering og arbeid i Den norske kyrkja

 

Personlige eigenskapar

  • Evne til å arbeida sjølvstendig, samarbeida og motivera
  • Personleg eignaheit vil verta vektlagt.
  • Løysingsorientert
  • Søkjar må vera medlem i Den norske kyrkja. Den tilsette må disponera eigen bil.
  • Administrasjonsspråk er nynorsk.

 

Vi tilbyr

  • Ei mangfaldig, meiningsfull og sjølvstendig stilling i eit raust arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale
  • Pensjonsordning i Klp

Kontaktinformasjon

Anne Marit Øvstebø, Kyrkjeverje, 99 29 46 85

 

Arbeidssted

Sandsvegen 134
4230 SAND

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Suldal kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 4844697176
Stillingsprosent: 100%, Fast
Søknadsfrist: 26.08.2024

 

Om bedriften

Sektor: Offentlig

Nettsted: http://www.kirken.no

Del stillingen

Selskap

Suldal kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Anne Marit Øvstebø
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 99 29 46 85

Lokasjon

  • Sand

Søknadsfrist

August 26, 2024