

Rådgjevar
Suldal kommune lyser ut 50 % vikariat som rådgjevar
frå 1. februar 2026 til 1.september 2026 med mogleg forlenging.
Variert vikariat; frå sosiale medium til sak- og arkivsystem, er dette jobben for deg?
Organisasjon og innbyggarkontakt har eit spanande vikariat for deg som er glad i å skrive og kommunisere på ulike måtar, og som er glad i digitale løysingar. Her er det mange spennande oppgåver, og ingen dag er heilt lik.
Suldal kommune har rundt 530 tilsette og er ein LEAN-kommune med fokus på forbetringsarbeid. Hjå oss får du vere med på å utvikle gode løysingar og innhald som både engasjerer og informerer – frå inspirerande historier til viktige meldingar til innbyggarane og internt i eigen organisasjon.
Om stillinga
Du vil jobbe tett med kommunikasjonsrådgjevar og rådgjevar websak og arkiv, der du vil produsere innhald til nettsider, intranett, sosiale medium, og jobbe i ulike administrative verktøy kommunen har. I hovudsak handlar vikariatet om kommunikasjonsoppgåver og administrative oppgåver, og du blir på mange måtar ei «potet»- og kan vera brukande til det meste.
Arbeidsoppgåver
• Produsere og publisere innhald til kommunen sine kanalar
• Støtte i små og store prosjekt som synleggjer tenestene våre og styrkjer intern samhandling
• Postføring
• Arbeidsoppgåver knytt til nytt sak- og arkivsystem
• Praktiske og administrative oppgåver som bidreg til effektiv drift.
Arbeidsoppgåvene kan bli justerte etter behov.
Kvalifikasjonar
• Relevant høgare utdanning
• Erfaring med marknadsføring og/eller innhaldsproduksjon er ønskjeleg
• Administrativ erfaring er ønskjeleg
• Du må vera glad i å jobba med digitale løysingar
• Du uttrykkjer deg godt skriftleg og munnleg. Suldal kommune nyttar nynorsk som skriftspråk.
Personlege eigenskapar
Me legg stor vekt på personleg eignaheit. Me ser etter ein person som:
• Trivst med utfordringar og ansvar
• Har blikk for dei gode forteljingane, og klarer å formidle dei enkelt og tydeleg
• Er komfortabel med å kunne bli filma eller vera med på bilete
• Tek initiativ og får ting til å skje
• Du er effektiv og greier å jobbe under press
• Du jobbar systematisk og er sjølvstendig i arbeidet
Kva tilbyr me?
• God opplæring og moglegheit for kurs og vidareutdanning
• Løn etter avtale
• Ein knakande kjekk gjeng du vil jobba med på Organisasjon og innbyggarkontakt som held til i 1.etasje på kommunehuset
Har du lyst til å vere med på kraftlaget vårt? Då vil me gjerne høyre frå deg!
Lytt gjerne til Suldal kommune sin podcast Kraftlaget – første episode handlar om Organisasjon og innbyggarkontakt.
Har du spørsmål? Ta kontakt med:
• Rådgjevar Elisabeth Bjørkhaug, mob. 984 94 300
• Rådgjevar Therese Mattjus, mob. 923 43 653
• Einingsleiar Bente Tednes Gjil, mob. 414 93 230
Send oss søknaden din i DAG!
Fylke: Rogaland
Jobbtype: Vikariat
Heiltid/Deltid: Deltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 23.01.2026
Tiltreding: 01.02.2026
Arbeidsstad: Sand
Kontaktpersonar:
Adresse:
Eidsvegen 7 4230 Sand
Suldal kommune Organisasjon og innbyggarkontakt
Om Suldal kommune
Skattkammeret Suldal er den geografisk største kommunen i Rogaland, med rundt 3 800 innbyggarar. I Suldal har me alt frå lune fjordar til vide fjellområde og høge toppar. Her ligg det til rette for eit aktivt friluftsliv både sommar og vinter, du kjem frå 0 til 1000 meter over havet på 40 minutt. Det er flotte merka turløyper i heile kommunen, skianlegg på Gullingen og eit aktivt båtliv. Me har aktive og gode lokalmiljø, koselege tettstader, og eit rikt og variert kulturliv. Eit innhaldsrikt og aktivt kulturhus ligg i kommunesenteret Sand. Her ligg og sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og ikkje minst Suldal Bad. I grendene er det mykje aktivitet i form av kultur arrangementer og ein befolkning som er oppteken av å utvikle grendene våre. Kraftkommunen Suldal har eit godt og allsidig tenestetilbod, med 436 årsverk. Suldal kommune er i stadig utvikling og har eit stort arbeid på gang for å bli ein LEAN-kommune.

