Suldal kommune

 

Er du ein lidenskapeleg pedagog med ein forkjærleik for læring og magiske augneblink? 

 

 

Me leitar etter nye, inspirerande lærarar til Suldalskulane  

 

Om oss:

Suldalskulane er totalt 6 små og store einingar der kreativitet og læring går hand i hand. Me trur på å skapa eit miljø der både elevar og lærarar kan utvikla seg, og me har eit felles mål for oppvekst i Suldal:  

«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring» 

 

Me ser etter superheltar med desse superkreftane:  

  • Godkjent lærarutdanning.  
  • Skaparglede:du planlegg og gjennomfører undervisning som fangar elevane sin fantasi og nysgjerrigheit.  
  • Inkludering:du bygger eit trygt, inkluderande og støttande læringsmiljø der alle føler seg sett og høyrt og ambisjonar på vegner av alle elevane. 
  • Variasjon:du brukar kreative undervisningsmetodar, er fleksibel og løysingsorientert for å møta elevane sine ulike læringsstilar.  
  • Samarbeid:du jobbar tett med kollegaer, føresette og andre for å fremje elevane si utvikling.  
  • Engasjement:du er engasjert i elevane si læring og trivsel og deltek aktivt i skulen sine faglege og sosiale aktivitetar – saman skapar me eit positivt skulemiljø.  

 

Me tilbyr: 

  • Eit godt arbeidsmiljø:Bli ein del av eit støttande og kreativt team. Me har eit aktivt velferdsutval som jobbar for at det skal vera sosialt på jobb. Kvart år arrangerer dei sommarfest på ulike stader i kommunen. Her blir du invitert til eit godt måltid og felles aktivitetar med kollegaer på tvers av arbeidsplassane. Velferdsutvalet inviterer deg også til Kom-i-form-konkurranse, og felles fjellturar i kommunen, der du kan bli premiert om du er aktiv. Innimellom kan du også bli invitert på middag og foredrag 
  • Konkurransedyktige vilkår: Suldal kommune har ekstra tillegg i lønn til lærarar og andre gode. For tilsette som har fast arbeidsplan vil me prøva å vera så fleksible som mogleg for å legga til rette for tilsette, særleg når det kjem til familiære behov. Me støttar di faglege og personlege vekst med mellom anna gode støtteordningar for vidareutdanning.   
  • Sjå: Me kan tilby – Suldal kommune heimeside  
  • Glede og meistring:  Ein skulekvardag fylt med spennande utfordringar og magiske augeblikk.  

 

Rekrutteringstiltak 

  • Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar, kan Suldal kommune vurdere fast tilsetting på¨vilkår for søkjarar som er i et utdanningsløp som oppfyller krava for tilsetting som lærar. (Sjå forskrift til opplæringslova §12-2, §12-3 og §12-5). 
  • Undervisningskompetanse i norsk, matematikk, engelsk eller spesialpedagogikk bør vere eit av faga i utdanningsløpet. 
  • Søkjarane må kunne kombinere utdanninga med minst 50% undervisningsstilling. 
  • Fast tilsetting føreset fullført godkjent utdanning innan normert tid.  
  • Suldal kommune vil tilby den fleksibilitet søkjar treng for å kombinere undervisningsstilling med gjennomføring av studiesamlingar og praksisperiodar. 

 

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist

 

Slik søkjer du:

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje. 
  • Treng du hjelp, kan kontakte kommune på tlf 52 79 22 00.
  • Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!

Er du klar?  Me treng deg!

 

Dette er skulane i Suldal.

 

Erfjord skule
Rektor Aina Vaage mob 45201277 [email protected]
Erfjord skule er ein barneskule frå 1. – 7. kl med ca 75 elevar. 

 

Marvik skule
Rektor Anne Kate Ellingsen mob 91198885 [email protected]
Marvik skule er ein fådelt barneskule som ligg på Ropeidhalvøya med ca 25 elevar. 

 

Nesflaten oppvekstsenter
Rektor Anne Marie Gamlem Rabba mob 45612131   [email protected]
Nesflaten oppvekstsenter er ein fådelt kombinert barne- og ungdomsskule med ca 15 elevar. 

 

Jelsa oppvekstsenter
Rektor Britt-Elin Håranes mob 40482226 [email protected]
Jelsa oppvekstsenter er ein fådelt barneskule med 17 elevar.  

 

Sand skule

Rektor Jorunn Hoås mob 91574334  [email protected]
Sand skule har ca 300 elevar fordelt på 14 trinn frå 1.-10. trinn. 9. og 10. kl. har to klassar på kvart trinn, 8 kl. har tre trinn. 

 

Vinjar skule

Rektor Vibecke Håheim [email protected] 
Vinjar skule er ein barneskule med 97 elevar.   

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Rogaland
Søknadsfrist: 06.03.2025
Tiltreding: 01.08.25
Arbeidsstad: Skulane i Suldal

 

Kontaktpersonar:

Svein Carlos Nilsen Gjil
mob: +47 99078863

Tore Bastlien Dahl
mob: +47 40418959

 

Heimeside:

/www.suldal.kommune.no/

 

Adresse:

Eidsvegen 7 4230 Sand

 

Suldal kommune

Velkommen til Skattkammeret Suldal – Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft.

Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår.

Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg.

Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad.

Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen.

Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt.

Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!

Del stillingen

Selskap

Suldal kommune

Kontaktinfo

  • Svein Carlos Nilsen Gjil
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 99078863
  • Tore Bastlien Dahl
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 40418959

Lokasjon

  • Sand

Søknadsfrist

Mars 6, 2025