Ledig stilling som styrar/dagleg leiar 100 % i Kjølsdalen Montessoribarnehage
- Kjølsdalen Montessoribarnehage Sa
- Daltunvegen 19 , 6776 Kjølsdalen
Vi søker etter barnehagestyrar til kjølsdalen Montessoribarnehage.
Krav til kompetanse
- Utdanning: Bachelor, barnehagelærerutdanning, treårig
- Norskferdigheter jamfør barnehageloven § 28
- Erfaring med leiing
- Det er ynskeleg med styrerutdanning
Personlege eigenskaper
- Har gode samarbeidsevner og evne til å leie personalet på ein god måte
- Evne til å sjå heilskapleg kva som er det beste for barnehagen, og drifter barnehagen etter dette
- Er fagleg oppdatert, og har interesse for å drifte og utvikle barnehagen etter montessoripedagogikken
- Er løysningsorientert og kan vise fleksibilitet
- Har gode kommunikasjonsferdigheter og kan samhandle med tilsette, barn og føresette på ein god måte
Arbeidsoppgåver
- Dagleg drift av barnehagen
- Ansvar for at barnehagen blir drifta i tråd med lovverk, kontinuerleg oppfølging av arbeid med helse, miljø og sikkerhet
- Personalansvar
- I tett samarbeid med øvrig personal ha ansvar for at det pedagogiske arbeidet er i tråd med rammeplanen og barnehagelova.
- Bidra til eit godt samarbeid med personalgruppa, barna og føresette.
- Samarbeid med kommune og andre aktuelle eksterne instansar
Vi kan tilby
- Ein godt etabelert barnehage med god bemannings- og pedagogtetthet
- Gode lønns- og pensjonsordning etter PBL tariff
- Ei dyktig personalgruppe som arbeider til det beste for barnehagen
- Samarbeid med Kjølsdalen Montessoriskule, merkantilmedarbeidar som hjelp til med mange av dei administrative oppgåvene
- Ein arbeidsplass som arbeidar aktivt med kompetanseheving
Om arbeidsgiveren
- Arbeidsgiver: Kjølsdalen Montessoribarnehage Sa
- Adresse: Daltunvegen 19, 6776 Kjølsdalen
- Hjemmeside: https://kjolsdalen.barnehage.no
Barnehagen vår ligg fritt og landleg til i bygda Kjølsdalen i Stad kommune, nært både Måløy og Nordfjordeid. Barnehagen har 38 barnehageplassar fordelt på 2 avdelingar. Rundt oss har vi eit flott nærområde med skog og natur som vi er aktive brukarar av. Vi driv etter montessoripedagogikken, og er på utkikk etter ein leiar som vil sette seg inn i denne pedagogikken og jobbe etter montessoriprinsippa. Samlokalisering med Kjølsdalen Montessoriskule gjev oss moglegheiter for eit unikt samarbeid på kryss av dei tradisjonelle skilja mellom barnehage og skule, noko som kjem både barn og vaksne til gode. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål rundt stillinga, og er du nysgjerrig på korleis vi har det er du velkommen til å besøke oss.
Om stillingen
- Stillingstittel: Barnehagestyrer
- Antall stillinger: 1
- Oppstart: Etter avtale
- Ansettelsesform: Fast
- Heltid/deltid: Heltid
- Sektor: Ikke oppgitt
- Arbeidsdager: Ukedager
- Arbeidstid: Dagtid
Søknadsfrist: 6. august 2023
Send søknad til: silje@kjolsdalenmontessori.no
Kontaktperson for stillingen
Silje Myklebust
Styrar
47367296
silje@kjolsdalenmontessori.no