Åmdals Verk barnehage skal starte opp att etter nokre år med mellombels nedlegging. Barnehagen vil ha ei avdeling, med 2 – 3 tilsette, og vil vere open 4 dagar i veka.

Styrar vil også fungere som pedagogisk leiar.

Det er svært gode vilkår for uteaktivitetar året rundt og godt tilrettelagd nærmiljø.

 

Satsingsområde i barnehagane i Tokke er; leik, venskap og gode

relasjonar. Me vil ha fokus på korleis me er saman med andre, og at alle kjenner

at dei høyrer til i eit trygt og godt fellesskap. Me har jobba med prosjektet «Inkluderande barnehage og skulemiljø»  og tek fokuset med oss vidare.

«Barnehagen skal bidra til barna trivst og opplever livsglede, meistring og ei kjensle av eigenverdi, og han skal førebyggje krenkingar og mobbing. Om eit barn opplever krenkelsar eller mobbing, må barnehagen handtere det, stoppe det og følgje det opp» 

 

Me legg vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • evne til å inspirere og motivere
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • barnhagelærarutdanning
  • utdanning innan leiing og leiarerfaring er ein føremon

Me kan tilby:

  • Løn og tilsetjing på kommunale vilkår
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat 
  • Eit godt arbeidsmiljø 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp til å skaffe husvære

 

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest. 
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Nærare opplysningar om stillinga ved kommunalsjef Tone Lunde Skaalen, tlf. 97171406,   e-post: [email protected]

Søknad skal sendast på elektronisk skjema som du finn her

Velkomen som søkjar!