
Energimontør
Straumen Nett AS
- Frist: Snarest
- Ansettelsesform: Fast
Straumen Nett søker ein dyktig energimontør
Arbeidsoppgåvene vil m.a. vere installasjon, drift og vedlikehald av elektriske anlegg, feilsøking og dokumentasjon.
Vi søkjer ein kollega med positiv og løysingsorientert innstilling, serviceinnstilt og sjølvstendig. Du må dessutan like å arbeide ute og vere komfortabel med å arbeide i høgda. Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er viktig for oss der du varetek eigen og andre sin sikkerheit.
Kvalifikasjonar:
•Fagbrev som energimontør
•Førarkort minimum klasse B
Vi tilbyr ein fagleg utfordrande jobb i eit tverrfagleg og godt miljø, ein kjekk og spanande arbeidsdag, samt konkurransedyktige løns- og forsikringsvilkår. For fleire opplysningar ta kontakt med nettsjef Halvard Hjorthol på telefon 93497458.
Søknad sendast til [email protected] innan 20. februar 2026
Om arbeidsgiveren
Straumen Nett er nettselskapet i Sykkylven kommune. Straumen Nett inngår i Sykkylven Energi konsernet som til saman har 20 medarbeidarar og 2 lærlingar. Forretningsområda er vatn og avløp, utbygging av fibernett, kraftproduksjon og distribusjon av straum.
Energimontørane våre utfører ein avgjerande jobb som påverkar folk sin kvardag ved å sikre påliteleg elektrisk kraft til husstandar, bedrifter og offentlege bygg. Energimontørane bygg nye anlegg, vedlikeheld straumnettet og rykker ut for å rette feil. Vi er engasjert i det grøne skiftet og investerer i teknologi og vedlikehald for å sikre effektiv straumforsyning og redusert miljøpåverking
Sektor: Privat
Sted: Haugsetvegen 33, 6230 Sykkylven
Hjemmekontor: På kontoret
Bransje: Kraft og energi
Stillingsfunksjon: Elektriker, Energimontør
Arbeidsspråk: Norsk

