Pedagog/Montessoripedagog

 

Strandvik Vekst AS

Frist 20.7.2024

Ansettelsesform Fast

Pedagog til vakre Strandvik!

Vi søkjer etter ein entusiastisk og dyktig pedagog. Er det deg?

Strandvik montessoriskule ligg i sentrum av den vakre bygda Strandvik i Bjørnafjorden kommune. Læringsarenaen vår strekkjer seg frå fjell til dal og fjord med kulturlandskap og gardsdrift i skulen sitt nærområde. Ved skulen ligg blant anna idrettsanlegg med sandvolleyballbanar (der ein olympisk meister i sandvolleyball har trødd sine sandalar!), kunstgrasbane, kyrkje, nærbutikk og barnehage. Strandvik er ei av dei flottaste bygdene på Vestlandet, og skulen er oppteken av å bruka det varierte og vakre nærområdet vårt. Vi er ein «Syngjande skule» og brukar blant anna læringsprogrammet «Det er mitt val» i arbeidet med sosial kompetanse.

Ledig 100 % stilling frå 01.08.24 som Pedagog /montessoripedagog

KVALIFIKASJONAR OG UTDANNING

Grunnskole lærarutdanning 1.-7. (Gjerne med engelsk, matematikk og spesialpedagogikk i fagkrinsen, men alle fag er interessante)
Godkjent vidareutdanning innan montessoripedagogikk (Elementary 6-9 år og/eller 9- 12 år) og gjerne arbeidserfaring frå montessoriskule
Pedagog utan montessoriutdanning blir også oppfordra til å søkja! Kanskje nettopp du har ynskje om ei vidareutdanning innan montessoripedagogikk?

Vi ser etter deg som:

Er ein engasjert, positiv, trygg og tydeleg vaksen
Ser det unike i det enkelte barn
Har evne til å skapa ein god og trygg atmosfære
Kan etablera og oppretthalda relasjonar
Har god arbeidskapasitet , gode samarbeidsevner og er ein god team-medarbeidar
Er systematisk, målretta og løysingsorientert
Er opptatt av å bidra til eit positivt arbeidsmiljø
Kan ta kontaktlæraransvar

VI TILBYR:

Konkurransedyktige vilkår
Tilsetjings- og arbeidsvilkår i samsvar med lover, forskrifter og avtaleverk
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Hjelp til å skaffa bustad i ei flott og levande bygd!

Interessert?

Ta kontakt og send søknad til oss snarast og seinast innan 20. juli 2024

Søknad med CV sendast til [email protected]

For spørsmål om stillinga ta kontakt med dagleg leiar/rektor Heidi Baldersheim.

Besøk gjerne heimesida vår strandvikmontessori.no eller finn oss på Facebook!

 

Søk via Finn her.

 

Sted: Strandvikvegen 562, 5643 Strandvik

Kontaktperson:

Heidi Baldersheim, Rektor
Mobil: 95 88 45 63

 

Del stillingen

Selskap

Strandvik montessoriskule

Kontaktinfo

  • Heidi Baldersheim
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Mobil: 95 88 45 63

Lokasjon

  • Strandvik

Søknadsfrist

Juli 20, 2024