Strand kirkelig fellesråd, Kirkejobb
Organist / musikalsk leiar
Det er ledig stilling som Organist i 100 % stilling i Strand Kirkelige Fellesråd, med hovudteneste i Strand sokn.
Strand ligg i Ryfylke, aust for Stavanger. Jørpeland er kommunesentrum med ca 7.000 innbyggarar og har bystatus. Tau har sentrum med kyrkje, skular, butikkar og anna næringsverksemd. Det er over 13.000 innbyggarar i heile kommunen. Kommunen har eit aktivt kultur-, kyrkje- og foreiningsliv. Me har vakker natur med fjell og fjord. Det tar ca. 25.min å kjøre til Stavanger.
Det er 2 sokn og 3 kyrkjer i Strand kommune – Strand kyrkje (1874) med pipeorgel frå 1989 med 15 stemmer – og piano, Tau kyrkje (2021) med flygel og Jørpeland kyrkje (1969) med elektronisk Allen-orgel (2000) – og flygel.
Det er 16 tilsette, deriblant 2 organistar – ein 100%-stilling og ein 70%-stilling.
Nå har me ledig fast 100 %-stilling – med hovudansvar for Strand sokn, og kontorplass i Tau kyrkje.
Me søkjer ein kreativ og allsidig musikar som kan spele både orgel og piano, har interesse for kyrkjelydsarbeid og god evne til samarbeid.
Søknadsfrist: 11.03.2022
Arbeidsgivar: Kirkejobb
Stillingstittel: Organist / musikalsk laiar
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4482074442
Stillinga omfattar m.a.:
Spele til gudstenester, gravferder, vigsler
Samarbeid i team med dei andre tilsette og frivillige medarbeidarar med planlegging og
gjennomføring av gudstenester og andre kyrkjelydsarrangement
Korarbeid
Medverknad til å utvikle eit variert song- og musikkliv i kyrkjelyden
Me søkjer ein person som:
Har min. 3-årig musikkutdanning frå høgskule / universitet
Er personleg eigna til stillinga
Er medlem i Den norske kyrkja
Tiltreding: 01.08.22
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Pensjonsordning i KLP.
Politiattest må leggjast fram ved tilsetting.
Opplysningar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetting, jfr aml. § 13-3.
Søknad elektronisk via denne lenken.
Strand kyrkje, Kyrkjebakken 69, 4120 Tau, Norge
Kontaktinformasjon
Liv Åse Gaard, fung. kyrkjeverje
51 74 11 30