Undervisningsstilling tilrettelagt opplæring. Vikariat

 

 

Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande og yrkesfagleg utdanning. Skulen ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 850 elevar, fordelt på utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Teknologi- og industrifag, Sal, service og reiseliv, samt Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Skulen tilbyr også opplæring for vaksne og me har kursverksemd i forskjellige fag.

Stord vidaregåande skule skal i løpet av nokre år ta i bruk nye og moderne skulebygningar. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skapa eit trygt læringsmiljø. Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular. Me er knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper.

Skulen har ledig vikariat i undervisningsstilling på avdeling for Tilrettelagt opplæring. Vikariatet er ledig frå 01.04.2024-01.03.2025 med mogleg forlenging. Me søkjer lærar med spesialpedagogikk, som har interesse for, og erfaring med tilrettelegging for særskilt tilpassa opplæring for elevar med ulike typar læringsutfordringar. Erfaring med elevgruppa og personlege eigenskapar vil bli særskilt vektlagt.

 

  • Søknadsfrist: 18.02.2024
  • Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
  • Stad: Stord
  • Stillingstittel: Undervisningsstilling tilrettelagt opplæring. Vikariat
  • Stillingar: 1
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Tilsetjingsform: Vikar
  • Stillingsprosent: 100
  • Webcruiter-ID: 4757382300
  • Startdato: 01.04.2024
  • Sluttdato: 01.03.2025

 

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning på avdeling
  • Utarbeide mål og tiltak og bidra til å følge opp elevar sitt læringspotensial og sosiale kompetanse
  • Gjennomføre og koordinere aktivitetar og opplæring i samarbeid med pedagogar og miljøarbeidarar
  • Utarbeide materiell ved behov
  • Kontaktlærarfunksjon kan vera aktuelt. Bidra til eit godt skule-heim samarbeid
  • Samarbeid med eksterne aktørar rundt eleven
  • Delta i skulen sitt utviklingsarbeid
  • Bidra til at elevar og tilsette på avdelinga opplever eit positivt og utviklande miljø

 

Kvalifikasjonar

  • Utdanna lærar med spesialpedagogikk i fagkretsen, eller utdanna spesialpedagog med undervisningskompetanse i lese-og skriveopplæring. Anna relevant kompetanse og erfaring kan vurderast å kompensere nemnde formelle kompetanse.
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid
  • God relasjonskompetanse
  • Gode samarbeidsevner
  • Relevant digital kompetanse
  • Personlege eigenskapar vil bli særskilt vektlagt

Den som vert tilsett i Vestland fylkeskommune, må leggja fram godkjent politiattest.

Alle nytilsette i Vestland fylkeskommune får ei prøvetid på 6 månader.

 

Personlege eigenskapar

  • Har gode evner til å kommunisere, rettleia og motivere.
  • Analytisk, systematisk og strukturert
  • Positiv, sjølvstendig og løysingsorientert
  • Fleksibel med gode samarbeidsevner
  • Kreativ
  • Engasjert og interessert i elevane si utvikling
  • Interesse for å utvikle seg sjølv og arbeidsplassen

 

Vi tilbyr

  • Eit engasjert fag- og arbeidsmiljø
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar
  • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse.

Me gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Saghaugen 3, 5411 Stord, Norge

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Mona Ulgenes
avdelingsleiar
 Telefon:93499806

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Mona Ulgenes
  • Tittel: avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 93499806

Lokasjon

  • Stord

Søknadsfrist

Februar 18, 2024