Kyrkjelydspedagog, fast stilling 100 %
- Arbeidsgiver: Stord Kyrkjelege Fellesråd
- Sted: Hamnegata 48, 5411 Stord
- Stillingstittel: Kyrkjelydspedagog
- Søknadsfrist: 01.04.2023
Trusopplæringa i Stord og Nysæter.
Fast stilling som kyrkjelydspedagog, 100 % frå 01.08.2023
Arbeidsområde
- Oppgåver innan trusopplæring og kyrkjeleg undervisning med særleg fokus på aldersgruppa 0-18 år.
- Fordelinga av oppgåver innan trusopplæring vil bli vurdert ut frå kvalifikasjonar m.m
Kvalifikasjonar
- Utdanning som kyrkjelydspedagog eller kateket.
- Søkjarar med utdanning innan kristendom, teologi og pedagogikk vil også bli vurdert.
- Erfaring med kyrkjeleg arbeid for barn og unge.
- Erfaring med å bruka IT-verktøy og sosiale medier i arbeidet.
- Den som vert tilsett, skal leggja fram tilfredsstillande politiattest jfr. Kyrkjelova § 29.
- Du må vera medlem i Den norske kyrkja.
- Personlege eigenskapar vil verta vektlagde.
Personlege eigenskapar
- Hjarte for barn og unge.
- God formidlingsevne.
- God evne til å planlegga og drifta ulike aktivitetar og tiltak.
- God relasjonsbyggjar.
- Kreativ og nyskapande.
- God evne til å arbeida sjølvstendig og under leiing/rettleiing i team.
- Evne og vilje til samarbeid.
Me kan tilby
- Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit godt, tverrfagleg stabsfellesskap med kompetente og engasjerte medarbeidarar
- Fagleg og personleg utvikling
- Løn etter gjeldande KA-tariff.
- Pensjonsordning i KLP
Anna
- Tilsetjing skjer med Stord kyrkjelege fellesråd som arbeidsgjevar og med sokna Stord og Nysæter som arbeidsområde.
- Kontorstad: Stord kyrkjekontor i Leirvik sentrum.
- Du må trivast med ein del kveld –og helgejobbing. Avspasering etter avtale.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til kyrkjelydspedagog Ingvild Baugstø Almås tlf. 997 85 312, eller kyrkjeverje/dagleg leiar, Liv Kari Bru 473 50 754, eller via e-post til: post@kyrkja-stord.no
Søknad
Søknadsfrist: 01.04.2023
Send søknad til: liv.kari.bru@kyrkja-stord.no
Om stillingen
- Antall stillinger: 1
- Ansettelsesform: Fast
- Heltid/deltid: Heltid
- Sektor: Ikke oppgitt
- Arbeidsdager: Ukedager, Lørdag, Søndag
- Arbeidstid: Dagtid, Kveld
- Arbeidstidsordning: Skift
- Oppstart: 01.08.2023
Kontaktperson for stillingen
Kontaktperson: nIngvild Baugstø Almås
Stillingstittel: Kyrkjelydspedagog, einingsleiar
Telefon: 99785312
Epost: ingvild@kyrkja-stord.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver: Stord Kyrkjelege Fellesråd
Adresse: Hamnegata 48, 5411 Stord
Hjemmeside: https://www.kyrkjastord.no
Stord kommune ligg sentralt i Sunnhordland, og har om lag 19.000 innbyggjarar. Fellesrådsområdet femner om Stord og Nysæter sokn, med 2 kyrkjer og Huglo bedehuskapell. Dei komande åra står kyrkja føre spanande endringar og nye utfordringar. Fellesrådet er arbeidsgjevar for 14 tilsette; diakon, kantorar, kyrkjelydspedagog, gravplasssarbeidarar, kyrkjetenarar og administrativt personale, til saman om lag 12 årsverk. I tillegg er det 2 sokneprestar.
Administrasjonsmålet er nynorsk.