Gartnar/gravplassarbeidar i 100 %. Vikariat med mulighet for fast tilsetjing.
Arbeidsgiver: Stord Kyrkjelege Fellesråd
Sted: Hamnegata 48, 5411 Stord
Stillingstittel: Gravplassarbeider
Søknadsfrist: 30.01.2023
Stillinga inngår i eit dagleg samarbeid med tre andre fast tilsette på gravplassane i Stord.
Aktuelle arbeidsoppgåver er gartnararbeid, vedlikehald av gravplassar og grøntanlegg.
Andre oppgåver etter avtale og kvalifikasjonar innanfor maskinkøyring/graving og vedlikehald av maskinar og bygningar. Ei stilling med høve til fagleg utvikling og varierte arbeidsoppgåver i eit triveleg medarbeidarfellesskap.
Me søkjer etter ein medarbeidar som
- er glad i å vera ute og arbeida med grøntanlegg
- har kunnskapar om – og erfaring frå gartnararbeid.
- er positiv, allsidig og løysingsorientert
- har gode samarbeidsevner, tek ansvar og initiativ
Det er positivt om den som søkjer
- har relevant fagutdanning/fagbrev og yrkeserfaring
- har førarkort kl. C1
- har maskinførarsertifikat og sertifikat for plantesprøyting.
Pensjonsordning. Løns- og arbeidstilhøve i samsvar med tariffavtale.
Meir informasjon kan ein få hos arbeidsleiar Heidi Wannberg, tlf. 952 44 011 / 481 24 170 eller kyrkjeverje/dagleg leiar Liv Kari Bru, tlf. 473 50 754
Søknad med kopi av attestar og vitnemål skal sendast til:
post@kyrkja-stord.no
Søknadsfrist: Mandag 30. januar 2023
Send søknad til: liv.kari.bru@kyrkja-stord.no
Om stillingen
Antall stillinger: 1
Ansettelsesform: Vikariat
Heltid/deltid: Heltid
Sektor: Ikke oppgitt
Arbeidsdager: Ukedager
Arbeidstid: Dagtid
Arbeidstidsordning: Vakt
Oppstart: 01.03.2023
Kontaktperson for stillingen
Liv Kari Bru, Dagleg leiar/kyrkjeverje
Telefon: 473 50 754
Epost: liv.kari.bru@kyrkja-stord.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver: Stord Kyrkjelege Fellesråd
Adresse: Hamnegata 48, 5411 Stord
Hjemmeside: https://www.kyrkjastord.no
Stord kyrkjelege fellesråd er arbeidsgjevar for alle kyrkjeleg tilsette i Den norske kyrkja på Stord (utanom prestane), men inkl. tilsette som arbeider på gravplassane i Stord kommune. For tida er det 16 faste tilsette i Stord kyrkjelege fellesråd. I tillegg kjem timelønte kyrkjetenarvikarar.
Dagleg leiar er kyrkjeverje Liv Kari Bru.