ID 2033 Eigedomslandmålar – Regulering, byggesak og oppmåling

 

 

Eininga har i dag 13 medarbeidarar som jobbar med fagområda regulering, byggesak og oppmåling. Me er tilknytt overordna fagkontor plan og held til i rådhuset i Leirvik sentrum.

Me ser etter deg som har autorisasjon som eigedomslandmålar eller på sikt vil oppfylla krava for å få autorisasjon som eigedomslandmålar etter normal- eller overgangsordninga.

Det er frå 01.09.2023 ledig fast 100% stilling som eigedomslandmålar / geodatamedarbeidar.

 

Arbeids- og ansvarsområde

  • Gjennomføra oppmålingsforretningar etter matrikkellova og matrikkelføring av desse
  • Sakshandsaming etter matrikkellova og kundekontakt
  • Vegleiing eksterne og interne i matrikkellova
  • Kartteknisk støtte for sakshandsamarar ved eininga, for fagkontor plan og andre kommunale einingar
  • Andre arbeidsoppgåver vert tilpassa kvalifikasjonar og arbeidsgjevar sitt behov

 

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant teknisk utdanning på bachelornivå, med fag innanfor landmåling/eigedom.
  • God digital kompetanse
  • God kjennskap til bruk av GPS og totalstasjon med tilhøyrande programvare
  • Erfaring i bruk av Gisline, Focus arealplan og Q-gis er ynskjeleg, men opplæring vert gjeve
  • Godkjent matrikkelførar eller vera villig til å gjennomføra nødvendig kurs
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Arbeida sjølvstendig og strukturert
  • Me legg vekt på god kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Førarkort

 

Me kan tilby

Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
Godt arbeidsmiljø
Stord kommune ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Offentlig tenestepensjon i KLP – Kort fortalt

 

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

 

Om stillingen

  • Stillingstittel: Eigedomslandmålar, ingeniør
  • Antall stillinger: 1
  • Oppstart Etter avtale
  • Ansettelsesform: Fast
  • Prosent: 100 %
  • Heltid/deltid: Heltid
  • Sektor: Ikke oppgitt
  • Arbeidsdager: Ukedager
  • Arbeidstid: Dagtid
  • Søk på jobben
  • Søknadsfrist: 28. mai 2023

 

 

Gå til søknad

 

 

Kontaktperson for stillingen

Elisabeth Gjerde
Einingsleiar
469 64 985
elisabeth.gjerde@stord.kommune.no

 

Om arbeidsgiveren

  • Arbeidsgiver: Stord kommune
  • Adresse: Lønningsåsen 1, 5417 Stord

Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune med ein maritim sektor som er verdsleiande m.a. når det gjeld å utvikle grøne løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen <<Saman om utvikling og velferd>>, og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.

Del stillingen

Selskap

Stord kommune

Kontaktinfo

  • Elisabeth Gjerde
  • Tittel: Einingsleiar
  • E-Post: elisabeth.gjerde@stord.kommune.no
  • Mobil/Tlf: 469 64 985

Lokasjon

  • Stord

Søknadsfrist

Mai 28, 2023