ID 2449 Arbeidsleiar Veg og Grønt – Tekniske tenester

 

 

  • Stord kommune
  • Stord

 

Om jobben

Oppstart: Etter avtale
Stillingstittel: Arbeidsleder anleggsgartner
Type ansettelse: Fast, heltid 100%
Arbeidstid: Dagtid, ukedager

 

Søk på jobben

Søk senest søndag 31. mai

 

 

 

Gå til søknad

 

 

 

Tekniske tenester er ei eining i Stord kommune som er lokalisert på Rundehaugen 45 på Heiane. Eininga har totalansvaret for utbygging, forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg, veg og grønt anlegg. Tekniske tenester veg og grønt har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar, fortau, gang- og sykkelvegar, turvegar, bruer og parkeringsplassar og grøntanlegg. Me søkjer etter ein arbeidsleiar på Veg og Grøntavdelinga.

 
Det er ledig fast 100 % stilling som Arbeidsleiar ved Veg og Grønt

Hovudarbeidsoppgåver

  • Dagleg oppfølging av mannskap i drift

  • Utføring og oppfølging av drift og vedlikehald av kommunale veg- og grøntanlegg

  • Ansvar for sesongbaserte oppgåver, som vår- og haustrydding, blomsterplanting og vinterførebuing av grøntanlegg

  • Delta i vinterberedskapsvakt

  • Lage vaktplanar og fordele arbeidsoppgåver

  • HMT planlegging og kvalitetssikring

 

 

Ønska kvalifikasjonar:

  • Relevant teknisk utdanning på fagskulenivå t.d. maskinførar

  • Erfaring frå arbeid med utbygging, drift og vedlikehald av veganlegg eller grøntanlegg.

  • Kunnskap om plantevekstar

  • Erfaring med arbeidsleiing er ein fordel

  • Kurs i arbeidsvarsling

  • ADK

  • Gode datakunnskapar og erfaring med bruk av IKT –verktøy

  • Førarkort for personbil kl. B og lastebil kl. C

 

Tekniske tenester ser etter medarbeidarar som:

  • Kan arbeida og avklara arbeidsoppgåver sjølvstendig

  • Vektlegg å få til eit godt og trygt arbeidsmiljø saman med sine kollegaer

  • Er kostnadsmedviten og ynskjer å stå på for arbeidsplassen sin

  • Er fagleg flink og har interesse av å utvikla seg innan arbeidet sitt

  • Er strukturert

  • Har gode samarbeidsevner

  • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

 

Me kan tilby:

  • Løn etter avtale

  • God pensjons- og forsikringsordning

  • Ein spanande jobb der leiaransvaret er kombinert med faglege utfordringar

  • Samarbeid med mange kompetente og engasjerte medarbeidarar i ein aktiv organisasjon med eit uformelt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

 

Kontaktperson: Avdelingsleiar Håkon Litlabø. Tlf. 91620168

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

 

Kontaktperson for stillingen

Håkon Litlabø
Avdelingsleiar
91 62 01 68
hakon.litlabo@stord.kommune.no

 

 

Om bedriften

Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

Sektor: Offentlig

Del stillingen

Selskap

Stord kommune

Kontaktinfo

  • Håkon Litlabø
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post: hakon.litlabo@stord.kommune.no
  • Mobil/Tlf: 91 62 01 68

Lokasjon

  • Stord

Søknadsfrist

Mai 31, 2026