Animasjon og planlegging

 

Stipendiatstilling i samfunnsplanlegging

 

Om stillinga

Høgskulen i Volda søkjer etter stipendiat i samfunnsplanlegging ved Avdeling for Samfunnsfag og historie, Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS).

Stipendiatstillinga skal gi lovande forskarar høve til fagleg utvikling. Stillinga har forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiatstillingar blir sett på som viktige rekrutteringsstillingar til vitskapelege stillingar ved universitet og høgskular. Denne stipendiatstillinga er del av Møre og Romsdal fylkeskommune sitt program for utvikling av ‘Sirkulære system for eit berekraftig Møre og Romsdal’.

Møre og Romsdal har stadig behov for ny kunnskap som bygger opp under behova i nærings- og arbeidslivet. Utdanning og forsking må difor skje i samarbeid med praksisfeltet for å vere relevant. Globale endringar som påverkar kunnskapsutviklinga og omstillingsevna skjer i stadig raskare tempo og med store konsekvensar for omstillingsevna. Møre og Romsdal fylkeskommune vil bidra til å støtte opp om kunnskapsbygginga i samarbeid med våre lokale forskings- og utdanningsmiljø og arbeids- og næringslivet i regionen. Fylkeskommunen finansierer difor seks stipendiatstillingar fordelte mellom Høgskulen i Volda, Høgskulen i Molde, NTNU i Ålesund, Møreforsking og Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK).

Forskings- og innovasjonsstrategien for 2021-2024 i Møre og Romsdal og den tilhøyrande programsatsinga Skaparkraft, er førande for arbeidet. Målet er å bygge opp kapasitet og kunnskap i FoU-miljøa i fylket for å styrke verdiskaping og næringsutvikling i Møre og Romsdal.

Dei seks prosjekta har eit felles overordna tema: «Sirkulære system for eit berekraftig Møre og Romsdal». Prosjekta skal gi ny kunnskap og innovasjon som fremmer berekraftige, grøne løysingar og sirkulære system. Stipendiatane skal gjennom prosjekta gi sine unike bidrag til å akselerere omstillings- og innovasjonstakta i regionen og slik gi nytte og relevans for arbeids- og næringslivet og samfunnet Møre og Romsdal, sjå meir informasjon her.

Det blir etablert eit nettverk for stipendiatane med felles arrangement initiert frå næringsklyngene, forskings- og utdanningsinstitusjonane og fylkeskommunen. Nettverket skal bidra til relevans i prosjekta og gjensidig kunnskapsoverføring mellom prosjekta, arbeids- og næringslivet og FoU-institusjonane i regionen både i oppstart av arbeidet og gjennom heile stipendiatperioden.

Animasjon og planlegging
Om stipendiatstillinga ved Høgskulen i Volda

Ved Institutt for planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda, underviser og forskar vi på korleis samarbeidsdriven planlegging kan vere eit verktøy i planleggingsprosessar og omstilling til meir berekraftige samfunn. Vi søker doktorgradsprosjekt som vil forske på korleis offentleg sektor møter omstillingar for berekraftige, grøne løysingar og sirkulære system, særleg innanfor samfunnsplanlegging. Problemstillingar for utforsking av prosessar, roller, verktøy og metode i samfunnsplanlegging er aktuelle. Utlysinga opnar også for andre samfunnsfaglege tema som er relevante innanfor programmet ‘Sirkulære system for eit berekraftig Møre og Romsdal’.

Stipendiaten vert tilsett for ein periode på tre år med rein forskarutdanning, eller fire år med forskarutdanning og 25 prosent arbeidsplikt. Arbeidsplikta kan bestå av undervisning, rettleiing og liknande. Arbeidet skal vere relevant for doktorgradsarbeidet. Tidpunkt for tilsetjing blir avklara i rekrutteringsprosessen.

Stillinga har arbeidsstad ved Høgskulen i Volda. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett bur slik at vedkomande kan vere til stades og tilgjengeleg for fagmiljøet på arbeidsplassen i ordinær arbeidstid. Som tilsett ved høgskulen får stipendiatar tenlege kontor og utstyr, og får tildelt årlege driftsmidlar etter gjeldande satsar.

Søknad om opptak til doktorgradsprogram skal først sendast etter eventuell tilsetting. Seinast tre månader etter tilsetting må stipendiaten vere tatt opp på eit doktorgradsprogram.

Kvalifikasjonar

Søkjarar må ha fullført mastergrad­utdanning eller tilsvarande, og normalt med karakteren B eller betre på masteroppgåva. Utdanninga må vere relevant for forsking innanfor samfunnsfaglege tema som til dømes offentleg organisering og/eller planlegging. Dette kan vere innan fagfelt som statsvitskap, sosiologi, geografi eller andre samfunnsfaglege område. Dersom du har tilsvarande utdanning til mastergrad, eller utdanning frå utlandet, er det viktig at du legg ved godkjenning frå NOKUT.

Vitskaplege kvalifikasjonar utover mastergrad, som er relevant for fagområdet til stillinga, vil også bli vektlagde. Det same gjeld relevant arbeidserfaring frå forsking, undervisning eller offentleg sektor.

Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på prosjektideen og prosjektskissa som ligg ved søknaden.

Prosjektskissa skal vere på 5-8 sider. Prosjektskissa må innehalde bakgrunn for val av tema, kvifor dette er relevant og i samsvar med utlysinga, og kva som er forskingsstatus på feltet. Skissa må elles seie noko problemstilling/forskingsspørsmål og aktuelle metodiske og teoretiske tilnærmingar.

Det vil bli gjennomført intervju og referansesjekk av aktuelle kandidatar for å vurdere personlege føresetnadar for å gjennomføre forskarutdanninga.

Du må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

Vi tilbyr

HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei stor, spanande og samfunnsviktig verksemd.

Avdelinga har eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, der det er høve til fagleg og personleg utvikling.

Høgskulen i Volda har gode vilkår for forsking, og det finst fleire aktive forskargrupper på ulike fagfelt.

Pensjonsordningane ved høgskulen er gode. Stipendiatstillinga er løna i statens lønsregulativ, og ved HVO er stipendiatar si startløn kr. 501 200,-. Det er lagt opp til ei jamn lønsutvikling i perioden.

Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar i arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala ved høgskulen er universelt utforma, og vi legg til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på Arbeidsgiverportalen.

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar i arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala ved høgskulen er universelt utforma, og vi legg til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på Arbeidsgiverportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen.

Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:

– vitnemål og attestar

– CV

– Masteroppgåve

– Eventuelle andre vitskaplege arbeid

– Prosjektskisse, sjå informasjon lenger oppe i teksten

– Ev. Stadfesting på opptak på doktorgradsprogram

Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Søkjarane blir vurdert av eit sakkunnig utval. Alle innkomne søknader blir først vurderte av avdelinga. Søknader frå klart ikkje-kvalifiserte søkjarar blir ikkje sende vidare til vurdering i sakkunnig utval.

Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til instituttleiar ved IPAS, Ingvild Sande Lillebø, e-post [email protected], tlf. 70 07 51 74, professor Bjarte Folkestad, e-post [email protected] , tlf. 70 07 50 22, eller dekan ved ASH, Randi Bergem, e-post [email protected], tlf. 70 07 52 11

Om instituttet

Arbeidsstad er Høgskulen i Volda, Avdeling for samfunnsfag og historie, Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS). Instituttet tilbyr mellom anna bachelor i planlegging og administrasjon, master i samfunnsplanlegging og leiing, årsstudium i samfunnsvitskap, skuleretta samfunnsfag og samfunnsfag i barnehagelærarutdanning og grunnskulelærarutdanning. Instituttet har per i dag 19 fast tilsette, to professor II og tre stipendiatar.

Om avdelinga

Avdeling for samfunnsfag og historie har undervisningsansvar for omlag 1300 studentar, fordelte på tre institutt: Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS), Institutt for sosialfag (ISF) og Historisk institutt (HI).

Volda Foto sommar

Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på www.hivolda.no

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

 

Søk på stillinga her.

 

Søknadsfrist 15. november 2022

 

Arbeidsgivar Høgskulen i Volda

Kommune Volda

Omfang Heiltid

Varigheit Åremål

Arbeidsstad Volda

 

Del stillingen

Selskap

Høgskulen i Volda

Lenke til firma

https://www.hivolda.no/

Kontaktinfo

Lokasjon

  • Volda

Søknadsfrist

November 15, 2022