Stabsmedarbeidar – Service, kommunikasjon og løn/økonomi – 80 % fast stilling
Vang kommune har ledig 80 % fast stilling som stabsmedarbeidar. Arbeidet er primært knytt til arbeid ved sentralbord/servicetorg, og andre stabsoppgåver relatert til løn, økonomi, arkiv og informasjonsarbeid. Dette er ei spennande og allsidig stilling som gir deg ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag!
Me søkjer deg som er serviceorientert og nøyaktig, god på kommunikasjon og samhandling, glad i å arbeide med data og system, og som har god arbeidskapasitet.
Me held til på kommunehuset i Vang (pt midlertidig kommunehus i Synshagen medan kommunehuset er under ombygging). Staben består av 9 tilsette og me har ansvaret for kommunen sine sentrale støttefunksjonar, som løn, regnskap/økonomi, HR/Personal, arkiv, møtesekreteriat, servicetorg mm.
Vang kommune nyttar nynorsk som målform.
Me tilbyr:
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente tilsette
- Ein jobb der ein får arbeide med «heile organisasjonen»
- Fleksibel arbeidstid (begrensa fleksitid på faste dagar ved sentralbord/servicetorg)
- Ein variert jobb med spennande utfordringar. Ingen dag er lik!
- Løn etter avtale/tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- I Vang er det godt å bu! (sjå mange fordeler nedst i annonsen)
- Hjelp til å skaffe bustad ved behov
Søknadsfrist: 29.05.2024
Arbeidsgivar: Vang Kommune
Stad: Vang i Valdres
Stillingstittel: Stabsmedarbeidar – Service, kommunikasjon og løn/økonomi – 80 % fast stilling
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 80
Webcruiter-ID: 4810992842
Arbeidsoppgåver
- Sentralbord/servicetorg (40-50 % stilling)
- Postmottak mm
- Oppgåver knytt til løn
- Oppgåver knytt til digitalt arkiv
- Økonomi/fakturaoppgåver
- Oppgåver knytt til val
- Oppgåver knytt til informasjonarbeid
- Personaloppgåver kan bli aktuelt
- Andre merkantile tenester
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Gjerne relevant erfaring
- Gode digitale kunnskapar, systemforståelse og interesse for IKT
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Positiv, effektiv og serviceorientert
- God talforståelse og interesse for tal/økonomi
- Nøyaktig og deltaljfokusert
- Nysgjerrig på system og opptatt av utvikling og av å finne gode effektive løysingar
- Prosess- og løysingsorientert
- Fleksibel og sjølvstendig
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
- Strukturert og endringsvillig
- God skriftleg framstillingsevne
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres, Norge
Kontaktinformasjon
Ole Martin Alfstad
Stabsjef
Telefon:99009605
E-post:ole.martin.alfstad@vang.kommune.no
Vang kommune som arbeidsgjevar:
- Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
- Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
Å bu i Vang kommune:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne – og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha “vestlandsfjell med austlandsklima“, og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
- Meir info om arbeids – og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.