Helland barneskule
Språkassistentar – 190 % midlertidige stillingar – Helland barneskule/SFO
Det er ledig inntil 190 % midlertidige språkassistentstillingar ved Helland barneskule og SFO for perioden 01.08.2024-31.07.2025.
Vi søkjer etter språkassistentar for elevar med ukrainsk og/eller russisk som morsmål.
Språkassistentane skal arbeide både i skulen og på SFO.
Arbeidsoppgåver
– bistå lærarane under undervisning
– oversette og forklare for eleven det lærarane formidlar
– følgje elevane i ulike aktivitetar i skulen og på SFO
– ev. andre oppgåver
Kvalifikasjonar
– du må kunne russisk og/eller ukrainsk
– du må snakke og skrive godt norsk, ønskeleg på nivå B2
– ha god kommunikasjonsevne
– jobbe sjølvstendig og strukturert
– er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
– kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
– har fokus på klasseleiing
– opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
– er løysingsfokusert og utviklingsorientert
– er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne
Personlege eigenskapar
– er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
– opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
– er løysings- og utviklingsorientert
– er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne
– fagleg engasjert
– ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
– det vert vektlagt at ein er personleg eigna
– har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
Vi tilbyr
– eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
– ein arbeidsplass med fokus på utvikling
– ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
– gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Kontaktpersonar:
Gisela Stene Smith-Nilsen
mob: +47 99441455
Heimeside:
Adresse:
Skulevegen 2 6390 Vestnes
Vestnes kommune
Helland barneskule har ca. 300 elevar på 1.-7.årssteg. Skulen har skulefritidsordning med ca 90 barn. Helland barneskule ligg sentralt i Vestnes kommune. Skulen ligg i eit flott naturområde nær sjø, skog og fjell. Skulen nyttar seg ofte av den flotte naturen til turar og aktivitetar.