
Vil du bli en del av det største pedagogteamet på jæren?
Pedagogisk leiar Klepp kommune, Sporafjell barnehage
I Sporafjell barnehage veit me at kvalitet i barnehagetilbodet handlar om dei tilsette, og me har derfor høgt fokus på å skape eit sterkt fagleg miljø og profesjonell entusiasme. Pr. i dag har me 17,6 barnehagelærarar med ulik erfaringsbakgrunn i teamet vårt, og me har stort fokus på at kompetansen dei har både skal nyttast og vidareutviklast. Frå januar av har me ei ledig stilling som pedagogisk leiar, og søkjer etter ein fagleg engasjert barnehagelærar som kan væra med å bidra positivt inn i leiarteamet vårt.
Sporafjell barnehage opna i januar 2024, og me husar i dag 164 barn i eit nytt og framtidsretta bygg med åtte avdelingar. Både bygg og organisering sikrar kvalitetane i det nære, samstundes som organisasjonen er robust nok til å handtere dei utfordringane kvardagen byr på. I tillegg til avdelingsromma har bygget to fellesrom som inviterer til fysisk aktivitet, eit bibliotek og eit vassrom som avdelingane disponerer til faste tider kvar veke.
Handlingsregelen vår er «Saman skapar me positiv energi», og den skal kome til uttrykk i alle delar av kvardagen. Glede, engasjement og samarbeid pregar arbeidsmiljøet, og trivselen i barnegruppa er stor. Er du ein engasjert og reflektert pedagog med gode leiareigenskapar, som ynskjer å bidra til barna sin trivsel, medverknad og utvikling gjennom leik i et faglig sterkt miljø – då håpar me du sender ein søknad til oss!
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 12.10.2025
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Stad: Kleppe
Stillingstittel: Vil du bli en del av det største pedagogteamet på jæren? Pedagogisk leiar
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5021423196
Arbeidsoppgåver
Leie og organisere det pedagogiske arbeidet i avdelinga i tråd med barnehagelova, rammeplanen og lokale føringar
Leie og rettleie personalet på avdelinga
Delta i barnehagen sitt leiarteam
Bidra til ei heilskapleg utvikling av det faglege miljøet
Delta aktivt i leik og aktivitetar saman med barna
Foreldresamarbeid
Bidra i barnehagen si heilskaplege drift
Samarbeide med eksterne instansar for å sikre eit barnehagetilbod av høg kvalitet
Kvalifikasjonar
Godkjent barnehagelærarutdanning eller tilsvarande
Barnehagelærarar med relevante vidareutdanningar og master vert oppfordra til å søke
Søkarar med relevant utdanning frå andre land enn Norge må ha fått utdanninga si godkjent av Utdanningsdirektoratet (NOKUT). Dokumentasjon på dette må leggast ved søknaden for at den skal bli vurdert.
Søkarar med eit anna morsmål enn norsk må dokumentere norskferdigheiter jamf. §28 i barnehagelova. Kravet gjeld ikkje for personar med samisk, svensk eller dansk som førstespråk.
Godkjent politiattest
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
Du er ein autoritativ leiar
Du har eit brennande engasjement for barna sitt beste, og vil arbeide målretta og systematisk med dette
Du har eit blikk for kvart einskild barn, og ser leiken som den viktigaste arenaen for trivsel, glede og læring
Du trivest best med ein leikande og aktiv kvardag, og kan nytte uterommet like godt som romma inne
Du har vilje til å sjå og mot til å handle når barn ikkje har det bra
Du er raus, motiverande og byr på deg sjølve
Du ser løysingar, er fleksibel og har stor arbeidskapasitet
Du har gode samarbeidsferdigheiter og er respektfull i møte med andre
Me tilbyr
Nærværsleiing og eit godt etablert samarbeid med tillitsvalte
Eit sterkt fagleg og framoverlent profesjonsfellesskap, og eit arbeidsmiljø det er godt å væra ein del av
System for rettleiing av nyutdanna
Samarbeid med UiS
Løn etter gjeldande avtaleverk, og pensjonsordning via KLP
Gode lønnsbetingelsar for barnehagelærarar med relevant vidareutdanning
Gode forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei pliktene som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar
Adresse:Boreringen 151, 4351 Klepe
Kontaktinformasjon
Trude Evjen, Styrar
Telefon: +47 99777324
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.