Spesialkonsulent/konsulent økonomi, løn og rekneskap
Haram kommune søkjer etter spesialkonsulent/konsulent innan fagområdet økonomi og finans i
kommunedirektøren sin stab. Fagområdet blir fagleg leia av økonomisjefen. Du vil jobbe med eit brett
spekter av oppgåve knytt til økonomiprosessar spesielt knytt til rekneskap og innfordring, men også inn mot lønn.
Gode heilskaplege tenester er i fokus. Ein vil ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og jobbe på tvers
for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv. Her har staben eit særleg ansvar.
Som nyoppretta kommune vil du medverke til korleis den nye kommunen best kan løyse sine oppgåver.
Arbeidsstad vil være tenestehuset i Brattvåg. Stillinga er plassert i kommunedirektøren sin stab, og du vil arbeidet tett i lag med øvrige stab– og
fagtenester i Haram.
Søknadsfrist: 01.09.2024
Arbeidsgivar: Haram kommune
Stad: Brattvåg
Stillingstittel: Spesialkonsulent/konsulent økonomi, løn og rekneskap 100%
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4847129137
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for rekneskapsføring a-å og årsoppgjør.Kontroll, dokumentasjon og oppfølging av avstemminger.
- Optimalisere rutinar og prosedyrar.
- Bidra inn i fagområde med effektivisering av arbeidsprosessar og utnytting av økonomisystem
Bidra med:
- Lønnshandsaming
- Kontroll og utbetaling av lønn, godtgjeringar, utlegg mm.
- Avstemming lønn mot rekneskap.
- Administrativ oppfølging av sjukemeldingar og refusjonskrav.
- Oppdatering av rutinar og prosedyrar.
- Utbetaling av skatt og arbeidsgjevaravgift.
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning på bachelornivå innan fagområdet. Lengre relevant erfaring kan
kompensere for utdanningskravet.
- Erfaring med rekneskap a-å frå tilsvarande rolle.
- Det er ønskeleg med relevant arbeidserfaring frå kommunerekneskap.
- God digital systemkompetanse.
Kjennskap til kommunalt avtaleverk, pensjonslovgjeving og arbeidsmiljølovgjeving er ein fordel.
Personlege eigenskapar
- God arbeidskapasitet, arbeide strukturert og effektivt.
- Nøyaktig og følgje tidsfristar.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- God digital kompetanse.
- Løysningsorientert.
- Personleg eignaheit vert særskilt vektlagt
Vi tilbyr
- Utfordrande oppgåver i ein organisasjon som skal vidareutviklast, med stort potensial og kompetente
kollegaer. - Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasiliteter på tenestehuset i Brattvåg
- Løn etter avtale. Pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP.
Strandgata 40, 6270 Brattvåg, Norge
Kontaktinformasjon
Levi Lervik
Økonomisjef
Telefon:97072886
Petter Sortevik
Stabssjef
Telefon:95479474
E-post:[email protected]
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund
Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.