
Lærar i Bygg- og anleggsteknikk
Sotra vidaregåande skule
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialising. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.
Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.
Vi har fått auka tal på elevar og søkjer etter ein lærar i Bygg- og anleggsteknikk i 100% fast stilling.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 14.08.2025
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Skogsvåg,
Stillingstittel: Lærar i Bygg- og anleggsteknikk
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4999630622
Arbeidsoppgåver
Undervisning innan programområdet Bygg- og anleggsteknikk, Vg1, Vg2.
Undervisning på kurs og vaksenopplæring kan bli aktuelt.
Praktisk og teoretisk undervisning innan byggfaga.
Tett oppfølging av einskilde elevar og opplæringsbedrifter.
Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega, og skuleleiing.
Halde seg informert om utvikling i bransjen.
Halde god kontakt med bedrifter og samarbeide med arbeidsliv om å skaffe læreplassar.
Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt òg for at elevane skal få læreplass.
Kvalifikasjonar
Fagbrev og arbeidserfaring i eit eller fleire av faga i programområdet Bygg- og anleggsteknikk.
2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og praktisk pedagogisk utdanning eller godkjent yrkesfaglærarutdanning.
Ønskjeleg med allsidig erfaring frå byggebransjen.
Erfaring med oppfølging av lærlingar vil være eit føremon.
Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
Gode IKT kunnskapar generelt og fagleg.
Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg.
Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Dersom formell undervisningskompetanse manglar, kan skulen legge til rette for å ta manglande teoretisk utdanning. Tilsetting kan skje på vilkår av at manglande fagleg og pedagogisk utdanning blir tatt.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
Du har stort engasjement for faget.
Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
Du er fleksibel og ser moglegheiter.
Du har gode samarbeidsevner.
Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar.
Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
Løn etter kvalifikasjonar.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.
Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
Trimgrupper for tilsette.
Andre opplysningar
Den som tilsetjast må legge fram politiattest.
Det er ønskjeleg med snarleg tilsetting.
For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår.
Adresse:¨Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg, Norge
Kontaktinformasjon
Irene Tellnes Eide
Irene Tellnes Eide
avdelingsleiar
Telefon:93229124
Erik Henneli
Erik Henneli
Assisterande rektor
Telefon:95826077
Olav Lee
Olav Lee
rektor
Telefon:93034370
Om arbeidsgivaren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.