Vikar i samfunnskunnskap og eventuelt norsk.
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestader, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med Ca 150 vaksne elevar på ulike program.
Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena tufta på tillit og respekt for kvarandre.
Vi søkjer etter vikar med undervisningskompetanse i samfunnskunnskap (og helst norsk). Stillingstørrelse er 50%, men kan bli større. Undervisning i hovudsak på Skulestad Skogsvåg, men også andre plassar på skulen. Oppstart så snart som mogleg med varigheit til juni 2024. Ring gjerne til Erik Henneli for detaljar.
- Søknadsfrist: Snarast
- Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
- Stad: , Skogsvåg
- Stillingstittel: Vikar i samfunnskunnskap, norsk og språkopplæring for elevar med kort butid
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Deltid
- Tilsetjingsform: Vikar
- Stillingsprosent: 50
- Webcruiter-ID: 4743565246
- Sluttdato: 31.07.2024
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i samfunnskunnskap, norsk, norsk for elevar med kort bu tid, og eventuelle andre fag på studiespesialiserande og yrkesfaglege programområde.
- Tett oppfølging av klassar og einskilde elevar.
- Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning sjølvstendig og i samarbeid med kollegaer.
- Skape og vidareutvikle eigen undervisning i samarbeid med elevar, kollegaer og skuleleiing.
- Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt.
Kvalifikasjonar
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
- Utdanning frå universitet/høgskule, som kvalifiserer for undervisning i norsk og samfunnskunnskap.
- Undervisningskompetanse i fleire fag er ein fordel.
- Må kunne kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
- Du ønskjer å bidra til elevanes faglege og sosiale utvikling.
- Du er fleksibel og kan ta ekstra vikartimar.
- Du har gode samarbeidsevner.
- Du har høg motivasjon og handlekraft.
- Å vere egna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
- Gode moglegheiter til eigen læring og utvikling.
- Ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
- Trimgrupper for tilsette.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Olav Lee
rektor
Telefon:93034370
Erik Henneli
Telefon:95826077
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.