Merkantil medarbeidar / Konsulent

 

Sotra vidaregåande skule – Driftsstab

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestader, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca 150 vaksne elevar på ulike program.

Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte.

Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena tufta på tillit og respekt for kvarandre.

Vi søkjer etter ein medarbeidar til å ivareta merkantil funksjon, for tiden på Skulestad Skogsvåg i Finkelhølsvegen 10.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 07.01.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Skogsvåg
Stillingstittel: Merkantil medarbeidar / Konsulent
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4742334338

Arbeidsoppgåver

Merkantile oppgåver i samband med HR og løn. Skuleadministrative system. Bruk av Visma Inschool. Innkjøp og fakturahandtering. Førstelinjeteneste med resepsjon og sentralbord. Kommunikasjon med elevar og føresette. Ymse merkantile funksjonar. Delta i førebuing og gjennomføring av eksamen.

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i HR/Lønn/økonomi, relevant erfaring kan kompensere for utdanning
  • Gode IKT kunnskaper, ønskelig med erfaring med Elements, Visma Enterprise, lønn
  • Erfaring frå skule er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har stort engasjement
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter
  • Du har høg motivasjon og handlekraft
  • Å vere eigna for arbeid med ungdom og vilje til samarbeide vil bli tillagt vekt. Du har gode ferdigheter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elever og tilsette

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Gode moglegheit til eigen læring og utvikling
  • Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass
  • Trimgrupper for tilsette

Andre opplysningar

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søk på stillinga her.

 

Kontaktinformasjon

Olav Lee, rektor
Telefon:  930 34 370

Erik Henneli, assisterande rektor
Telefon:  958 26 077

Jon Harald Heldal, leiar administrasjon
Telefon:  922 55 955

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Olav Lee
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 930 34 370
  • Erik Henneli
  • Tittel: Assisterande rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 958 26 077
  • Jon Harald Heldal
  • Tittel: Leiar administrasjon
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 922 55 955

Lokasjon

  • Skogsvåg

Søknadsfrist

Januar 7, 2024