
Lærar Teknologi og industrifag
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 900 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.
Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs. skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.
Vi søkjer etter lærar i Teknologi og industrifag i 100% vikariat i skuleåret 2026 til 2027.
Søknadsfrist: 24.04.2026
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Straume
Stillingstittel: Lærar Teknologi og industrifag
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5105684280
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Arbeidsoppgåver
- Undervisning innan programområdet Teknologi og industrifag, Vg1, Vg2.
- Undervisning på kurs og vaksenopplæring kan bli aktuelt.
- Praktisk og teoretisk undervisning innan mekaniske fag.
- Tett oppfølging av einskilde elevar og opplæringsbedrifter.
- Skape og utvikle opplæringa i samarbeid med elevar, kollega og skuleleiing.
- Halde seg informert om utviklinga i bransjen.
- Halde god kontakt med bedrifter og samarbeide med arbeidsliv om å skaffe læreplassar.
- Arbeide systematisk for at elevane skal lære fagleg og sosialt.
- Arbeide for at elevane skal få læreplass.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev og arbeidserfaring i eit eller fleire av faga i programområdet Teknologi og industrifag.
- 2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og praktisk pedagogisk utdanning eller godkjent yrkesfaglærarutdanning.
- Ønskjeleg med allsidig erfaring frå mekanisk industri.
- Erfaring med oppfølging av lærlingar vil være ein føremon.
- Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
- Gode IKT kunnskapar generelt og fagleg.
- Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg.
- Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Dersom formell undervisningskompetanse manglar, kan skulen legge til rette for å ta manglande teoretisk utdanning.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
- Du har stort engasjement for faget.
- Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
- Du er fleksibel og ser moglegheiter.
- Du har gode samarbeidsevner.
- Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar.
- Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.
Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
Trimgrupper for tilsette.
For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår.
Kontaktinformasjon
Kristin Brennhaug
Avdleingsleiar TIF Bildøy
Erik Henneli
Assisterande rektor
Telefon:95826077
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

