Sokneprest med tenestestad Skjåk og Nordberg sokn

 

 

  • Nord-Gudbrandsdal prosti, Den norske kirke, Hamar bispedømme
  • Skjåkvegen 611, 2690 Skjåk, Hjemmekontor ikke mulig

 

Om jobben

Stillingstittel: Sokneprest med tenestestad Skjåk og Nordberg sokn
Type ansettelse: Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk: Norsk
Antall stillinger: 1

 

Søk på jobben

Søk senest søndag 17. august

 

 

Gå til søknad

 

 

Ledig soknepreststilling i Skjåk og Nordberg sokn – noe for deg som er glad i fjell og fin natur

Skjåk fellesrådsområde ligg i Ottadalen og har samanfallende grenser med Skjåk kommune. Bygda ligg i hjarta av fleire nasjonalparkar og er omgjeve av vakker natur, og grenser mot Møre og Romsdal og Vestland fylke.  Skjåk ligg langsmed ein av dei viktigaste ferdselsårene mellom Stryn og Nordfjord, Geiranger og Sunnmøre og dei andre Ottadals kommunane, rv. 15.

Skjåk kommune er ein attraktiv kommune med gode tenestetilbod til innbyggarane og næringslivet.  I Skjåk finnes gode og varierte fritidstilbod til store og små.  Det er ny renovert idretts- og symjehall.  Det bygges ny barnehage som skal være ferdig 2026.

Kommunesenteret Bismo er eit moderne senter med eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting.  Livet i Skjåk er farga av mangfald på mange område.  Pr. i dag er det innbyggjarar frå 7 nasjonar registrert i Skjåk.

Folketalet ligg på om lag 2200.  Her er ca. 83% kyrkjemedlemmer.  I fellesrådsområdet er det to sokn, Skjåk og Nordberg sokn.  Det er ei kyrkje i kvart av sokna, Skjåk kyrkje frå 1752 og Nordberg kyrkje fra 1864.  Det er gravplassar på kvar av kyrkjene.  Kyrkjene er en av dei største kulturskattane Skjåk har og alle innbyggjarar kjenne ei sterk tilhøyrsle til.  Det er og nokre gudstenester i «Kraftverket», som ligg vegg i vegg med kyrkjekontoret.

Kyrkjekontoret har gode lokaliteter og held til i bygdesenteret Bismo.  Den kyrkjelege staben, er sett saman av kyrkjetenar, organist, kyrkjelydsekretær, trusopplærar og kyrkjeverge i ymse stillingsstorleik.

Soknepresten har ansvar for konfirmantundervisninga som startar med ein helgetur til Trondheim.  Opplegget utover året er samlingar ein gong i månaden.  Dei deltek også på konfirmantopplegget Hekta konfirmantweekenden sin på Lillehammer.  Soknepresten samarbeider med trusopplærer om trusopplæringsarbeidet, og det er utarbeidd plan for trusopplæring.  Soknepresten har jamleg andakter på Skjåkheimen sjukeheim.

Det er eit godt samarbeid mellom prestane i prostiet og dei gjer nytte av kvarandres kunnskap.  I Nord-Gudbrandsdal prosti blir det vektlagd eit arbeidsmiljø prega av gode rammer, fagleg utvikling og trivsel.  Kvar månad har prestane konvent. 

Begge kyrkjene har nynorsk liturgi, og adminstrasjonsmålet er nynorsk.  Søkjar må meistra begge målforma.

Den som blir tilsett må leggja fram politiattest utan merknad, jfr. Politiregisterlova §39, jfr. trussamfunnslova §20.

Det blir utarbeidd offentleg søkjarliste etter offentleglova §25, jfr. Kyrkjeordninga for Den norske kyrkja §42.  Oppmoding om å få sitt namn gjort unntak for denne, må grunngivast i søknadsteksten.  Behandlingsgrunnlag etter personvern forordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

 

  • Gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • Soknepresten deltar i trusopplæringsarbeidet i samarbeid med trusopplærer.
  • Soknepresten har ansvar for konfirmantarbeidet.
  • Andakter på sjukeheimen.
  • Soknepresten har sete i Skjåk kyrkjelege råd.
  • Deltek i beredskapsordninga i Nord-Gudbrandsdal prosti.

 

Cand.theol eller oppfyller kvalifikasjonskravet beskrive i Tjenesteordningen for kyrkjelydsprestar §3.
Praktisk teologisk utdanning.
Søkjaren må opplysa om ein meistrar begge målformer.

 

  • Kan kommunisera med menneske i alle livssituasjonar.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Evne til å jobba saman med eit mangfald av tilsette og frivillige.
  • Ha interesse for å jobba med barn og unge.
  • Evne til å jobba strukturert med strategisk utvikling av gudstenester.

 

Stillinga blir lønt i stillingskode 1555 sokneprest.
Innskot i offentleg pensjonskasse.
Skyssgodtgjering for tenestekøyring og andre godtgjersler etter gjeldande reglar.
Arbeidsrettleiing i regien til bispedømmet.
Behjelpelege med å skaffa tenestebustad ved behov.
Tilsetjinga skjer i samsvar med gjeldande lov- og regelverk for tilsetjing i Den norske kyrkja, og dessutan etter tenesteordning for kyrkjelydsprestar.
Den som blir tilsett må rette seg etter endringar i ansvars- og arbeidsoppgåver og dessutan tenestedistrikt som i framtida kan gjennomførast innanfor lov, regelverk og tenesteordning i Den norske kyrkja.

Hamar bispedømme skal vera ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning.  Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja.

 

Skjåkvegen 611
2690 Skjåk

 
 
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Den norske kirke
Referansenr.: 4988389858
Stillingsprosent: 100%, Fast
Søknadsfrist: 17.08.2025
 
Kontaktpersoner for stillingen

 

Nord-Gudbrandsdal prosti ligg i hjarta av Sør-Noreg og omfattar dei sju kommunane Lesja, Dovre, Sel, Nord-Fron, Vågå, Skjåk og Lom. Prostiet har store delar av dei mektige fjellområda Jotunheimen, Breheimen, Dovre og Rondane. I prostiet jobbar vi med å få til nye samarbeidsformer prestane i mellom og mellom sokna. Målsettinga er å byggje opp ei levande folkekyrkje for alle døypte og å opne kyrkjene for folks tru og kvardag.
 
Sektor: Privat

Del stillingen

Selskap

Hamar bispedømme

Kontaktinfo

  • Eli Bekken
  • Tittel: Rådgiver
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 625 50 350
  • Birgitte Bentzød
  • Tittel: Prost
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 413 09 564

Lokasjon

  • Skjåk
  • Nordberg

Søknadsfrist

August 17, 2025