SJH

Pedagog

 

 

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ligg sentralt i Aurland kommune – ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk med plass til 52 elevar fordelt på Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga. Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og Ressurssenter (oppdrag, kurs og fagleg utviklingsarbeid).

 

Søknadsfrist: 21.07.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Aurland
Stillingstittel: Pedagog
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Anna
Stillingsprosent: 80
Webcruiter-ID: 4833697787

 

Arbeidsoppgåver

– Planlegga og tilrettelegga opplæring for ein elev i tilrettelagd naturbruk vg 1 i samarbeid med avdelingsleiar for tilrettelagd undervisning

– Gjennomføra opplæringa i tråd med planar som er laga.

– Koordinera teamet rundt eleven og ha ansvar for at plan vert gjennomførd og rapportar laga.

 

Kvalifikasjonar

– Pedagogisk utdanning

– Kunnskap og erfaring med tilrettelagd undervisning

– Kunnskap og erfaring med husdyrhald og praktisk landbruk

 

Personlege eigenskapar

– Samarbeidsevne og evne til å jobba i team

– Evne til å motivera elev til meistring og læring

 

Vi tilbyr

– Triveleg arbeidsmiljø

– Fylkeskommunale løns- og tilsetjingsvilkår

 

Skulevegen 24, 5745 Aurland, Norge

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Børre Solberg
rektor
 Telefon:41219505

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Børre Solberg
  • Tittel: rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 41219505

Lokasjon

  • Austrheim

Søknadsfrist

Juli 21, 2024