Undervisningsstillingar elektro- og datateknologi og automatisering

 

Slåtthaug videregående skole ligg i naturskjønne omgivnader nær Nesttun sentrum. Det er kort veg til buss- og bybanestopp, og vi har Fana Arena og Slåtthaug kunstisbane rett i nærleiken. Skolen har ca 550 elevar fordelt på utdanningsprogramma BA,EL, HO, TIF og påbygging til generell studiekompetanse. Vi har eit mangfaldig elevmiljø og engasjerte tilsette. Her ser vi på alle utdanningsvegar som likeverdige, og er opptatte av at elevane skal oppleve trygg, aktiv læring i alle klasserom og verkstader. Vi søkjer faglærar til eit årsvikariat i programfag på elektro for tilsetting snarast.

 

Søknadsfrist: 11.10.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Nesttun
Stillingstittel: Undervisningsstilling elektro- og datateknologi og automatisering
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4862401487
Startdato: 14.10.2024

 

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i programfag på elektro- og datateknologi, særskilt innanfor elektroniske kretsar og nettverk.

 

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
  • Du har minimum fagbrev og relevant erfaring innanfor elektro, dataelektronikk, telemontør eller liknande.
  • Det er ønskjeleg med fagskule eller pedagogisk utdanning og undervisningserfaring.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God digital kompetanse

 

Personlege eigenskapar

  • Du likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell.
  • Du har ei positiv innstilling og skaper gode relasjonar.
  • Du ser behova til den enkelte elev.
  • Du er ein god lagspelar, er god til å samarbeide og deler av kunnskapen din.
  • Du arbeider strukturert og systematisk.

 

Vi tilbyr

Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk

Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Tett kollegasamarbeid og god delingskultur

Eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap

 

Slåtthaugvegen 134, 5222 Nesttun, Norge

 

Søk her

 

Kontaktinformasjon

Magnhild Hakestad
rektor
 Telefon:97737676

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Magnhild Hakestad
  • Tittel: rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 97737676

Lokasjon

  • Nesttun
  • Bergen

Søknadsfrist

Oktober 11, 2024