Stillinga er fast med ei prøvetid på 6 mnd. frå tilsetjingsdato.
Løn etter avtale.
Om arbeidsgiveren
Fjordane Friluftsråd er eit interkommunalt friluftsråd etablert i 2017 med kommunane Solund, Askvoll, Kinn, Bremanger, Stad og Stryn. Det er i dag totalt 8 tilsette der 6 har base i nye lokaler ved Solund Brygge på Hardbakke i Solund, og 2 med base på Horne Brygge i Florø. Friluftsrådet rår i dag over ein båtpark på 3 båtar, herav ein skjergardstenestebåt på 42 fot. Båt og leiar for tenesta har base på Hardbakke. Hovudoppgåvene til Fjordane Friluftsråd er bekjemping av marin forsøpling, skjergardsteneste, avhalde friluftsskular for born, tiltak for å fremje friluftsliv og tilrettelegging. Vi har sidan oppstarten arbeida for etablering av skjergardsteneste, som vi fekk på plass ved årsskiftet. 2021.
“Etter anbefaling fra Miljødirektoratet har Klima- og miljødepartementet i brev av 21.desember 2020 godkjent at Fjordane Friluftsråd etableres som ny drifts-enhet i Skjærgårdstjenesten. Departementet bekrefter også statlig støtte til drift av Skjærgårdstjenesten i Fjordane Friluftsråd i tråd med etablerte rutiner.”
Skjergardstenesta er eit spleiselag mellom Staten v/Miljødirektoratet, fylkeskommunen og medlemskommunane til Fjordane Friluftsråd. Kommunane sin del av spleiselaget vert dekka gjennom kontingenten dei betaler til Fjordane friluftsråd som skal stå for den daglege drifta av tenesta,
I samarbeid med friluftsråda og kommunane arbeider Skjergardstenesta med oppgåver knytt til tilrettelegging og drift av sjønærbaserte friluftsområde i medlemskommunane. Skjergardstenesta kan også delta med transportstøtte for lokale brannvern, men også utføre f.eks transporttenester for private. Tenesta er ein viktig samarbeidspartnar for Statens Naturoppsyn, og ein særs viktig aktør til å understø operasjonar knytta mot arbeidet med marin forsøpling, mellom anna ved å hente innsamla avfall. Vi er også medlem av Vestkystparken.
Arbeidsgiver Fjordane Friluftsråd
Stillingstittel Skipper og leiar for Skjergardstenesta i gamle Sogn og Fjordane
AnsettelsesformFast
Søknadsfrist 28.09.2021
Fjordkysten Friluftsråd
Spørsmål om stillingen
Bjarte Engevik, Dagleg Leiar
Telefon 994 87 500 Mobil994 87 500
Arlene Vågene, Styreleiar
Mobil 402 39 260
Send melding
Nyhet! Denne annonsen har FINNs “Enkel søknad”
Søk her
Hjemmeside
http://www.fjordanefr.no/
Hardbakke 33, 6924 Hardbakke