Sjukepleiar – Valldal

 

Helse, omsorg og velferd, PLO Valldal

Pleie- og omsorgstenesta i Valldal har ledig fast stilling som sjukepleiar på natt

Sjukeheimen er sentralt plassert i Valldal og er samlokalisert med heimetenesta i Valldal. Kommunen har i tillegg pleie- og omsorgseining i Stordal, omsorgsbolig Eidsdal, samt habiliteringsteneste i Valldal og Stordal. Vi arbeider med å bygge eit sterkt sjukepleiar- og helseteam i kommunen og vil ha deg med på laget. Har du lyst til å arbeide som sjukepleiar hos oss er du hjerteleg velkomen til å bli med på laget vårt. Vi er på jakt etter dyktige sjukepleiarar som ynskjer og har evne til å arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner. Ønskeleg med oppstart så snart som muleg.

I PLO har ein tredelt turnus med arbeid 3. kvar helg (annakvar helg om ønskeleg).

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 27.10.2024
Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd
Stad: VALLDAL
Stillingstittel: Fast stilling som sjukepleiar på natt
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4868426829

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene omfattar grunnleggande faglege sjukepleiaroppgåver
Ein vil jobbe med blant anna stell, medisinering, kvalitetsarbeid og utarbeiding av planar.
Det vil vere varierande, utfordrande og lærerikt arbeide.

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
Må beherske godt norsk skriftleg og munnleg.
Forutan faglege kvalitetar blir personlege eigenskapar vektlagt.
Politiattest må leggjast fram ved tiltreding
Bilsertifikat (B)

Personlege eigenskapar

Er trygg, tydeleg og triveleg
Visar respekt og omtanke for pasientar og kollegaer
Er effektiv, fleksibel og løysingsorientert
Vere serviceinnstilt og ha gode samarbeidsevne.
Tar sjølvstendig ansvar og likar å jobbe i team.
Har gode IKT- kunnskapar og kan tileigne deg fagsystem som til einkvar tid brukast i Fjord kommune.

Vi tilbyr

Garantilønn lik 10 års ansiennitet – kr 578 600,-
Sjukepleiar med 16 års ansiennitet har eit tillegg på kr 10 000,- i samsvar med lønnspolitisk plan
Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
Pensjonsordning i KLP.
Er behjelpeleg med å finne leilighet/husrom.

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse: Olavsgata 34, 6210 VALLDAL, Norge

Kontaktinformasjon

Marit Øvrevoll, Leiar PLO Valldal
Telefon:  +47 418 67 970

Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no

Del stillingen

Selskap

Fjord kommune

Kontaktinfo

  • Marit Øvrevoll
  • Tittel: Leiar PLO Valldal
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon:+47 418 67 970

Lokasjon

  • Valldal

Søknadsfrist

Oktober 27, 2024