Me søkjer
Kommunalsjef samfunnsutvikling
Samnanger kommune har mange, store og spennande oppgåver som skal løysast i åra som kjem. Sektor for samfunnsutvikling skal vere ein spydspiss og ei drivkraft i dette arbeidet. Kommunalsjefen får eit stort handlingsrom ved å bidra til at kommunen klarer å løfte seg inn i ei samansett og krevjande framtid, kor dei gode og berekraftige løysingane ligg og ventar.
For å lukkast må kommunen utvikle seg på mellom anna samarbeid og samhandling (internt og eksternt), digitalisering og innovasjon, strategisk og operativ styring, samt ein positiv og lyttande dialog med innbyggjarane våre.
Samfunnsutvikling rommar i dag dei to einingane teknisk drift og reinhald og teknisk forvaltning. I tillegg er prosjektleiar plassert direkte under kommunalsjefen. Det er rom for at ny kommunalsjef kan vurdere endringar innafor sektoren sin.
Kommunalsjefen tek del i rådmannen si leiargruppe saman med kommunalsjefane for økonomi og organisasjon, oppvekst og helse og omsorg.
Arbeidsoppgåver
Kommunalsjefen forvaltar rådmannen sitt delegerte mynde innafor sin sektor. Hovudtrekk er sakshandsaming og forvaltning innan plan, byggesak, klima og miljø, natur, samferdsel, drift og vedlikehald av kommunen sine vegar og bygg/eigedommar, infrastruktur/VA, næring og brann.
Kommunalsjefen har også ansvar for kommunen sine investerings- og utviklingsprosjekt, inkludert budsjettering og rapportering.
Til å leie dette arbeidet søkjer me ein raus og klok leiar. Du er nytenkjande og framtidsretta og leier dine tilsette på eit vis som får fram det beste i dei – samstundes som du er medviten forventningane frå innbyggjarar og politisk nivå.
Kommunalsjefen har overordna ansvar for fag (resultat), personal og økonomi (adm.) innafor sin sektor.
Du tenkjer heilskapleg og peiker retning når uvissa rår. Dette gjer du mellom anna gjennom å kommunisere klare mål og forventningar både til organisasjonen, leiarar og tilsette. Du er ein synleg pådrivar
Du er særs oppteken av kontinuerlig betring av tenestene, og sikrar dette gjennom motivasjon og utvikling av dei tilsette i sektoren
Du har god økonomisk forståing og erfaring, og leverer stødig og offensiv økonomistyring
Du er minst like oppteken av at dei øvrige sektorane skal lukkast, og er difor alltid på tilbodssida for at dei skal nyte godt av det du og din sektor kan bidra med
Du førebur politiske saker og gjennomfører vedtak som vert fatta
Du representerer rådmannen i ulike samarbeid med andre kommunar og fylkeskommunale, statlege organ og øvrige aktørar
Du er proaktiv i samarbeidet og dialogen med vernetenesta, tillitsvalgte, innbyggjarar og folkevalde – dei er dine ressursar for å lukkast
Du sikrar kvalitet, og har god forståing for internkontroll
Kvalifikasjonar
Krav
Relevant høgare utdanning (min. bahcelor) i relevante fag
Erfaring frå offentleg sektor
Erfaring med økonomistyring, inkludert forståing for rammestyring og styring i tråd med tilgjengelege midlar.
Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
Ynskje
Erfaring med å leie medarbeidarar med høg fagkompetanse, gjerne leiing av leiarar
Engasjement knytt til auka digitalisering, implementering av teknologi. Du er oppteken av, og er ei drivkraft for innovasjon og nyskaping
Kjennskap til offentleg verksemd og samspelet med folkevalte
Erfaring med saksutgreiing/skriving av politiske saker
Personlege eigenskapar
Du er resultatorientert, men samstundes sikrar du gode prosessar. Du evnar å prioritere og beslutte
Du tenkjer heilskapleg om kommunen sine utfordringar, og har både evne og vilje til å løyse desse gjennom analytisk og strategisk tilnærming
Du har høg grad av handlingskompetanse og sterk gjennomføringskraft – du står støtt når det bles. Arbeidskapasiteten din er høg
Du er utviklingsorientert, endringsvillig, modig og klok – du skaper engasjement rundt deg ved å motivere, involvere og samle folk
Du framstår representativ på vegne av rådmannen og er på line med hans oppdrag gjeve frå politisk nivå
Du er trygg i leiarrolla, og bidrar med energi og godt humør
Me tilbyr
Ein attraktiv toppleiarstilling i ein kommune som vil noko
Du sit i førarsetet for god samfunnsutvikling til beste for dei som bur – eller vil busetje seg i Samnanger
Du får initiere og leie utfordrande og spennande prosjekt i samarbeid med interne og eksterne aktørar
Gode og solide medarbeidarar
Løn etter avtale
Stillinga er ledig frå snarast, eller etter avtale
Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Fleksible arbeidstidsordningar
Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Søknadsfrist 10. august 2024
Arbeidsgivar Samnanger kommune
Kommune Samnanger
Omfang Heiltid
Varigheit Fast
Spørsmål om stillinga
Ove Sæbø, Rådmann
922 25 562
ove.sebo@samnanger.kommune.no
Heimeside: www.samnanger.kommune.no
Arbeidsstad: Kvitingsvegen 85, 5650 Tysse
Samnanger kommune
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk.
Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.