Sakshandsamar
Kvam kyrkjelege fellesråd
KVAM KYRKJELEGE FELLESRÅD
Kvam herad femner om eit vakkert landskap frå Hardangerfjorden til Kvamskogen. Heradet har om lag 8500 innbyggjarar, og 80% er medlemer i DNK. Informasjon om geografi, kultur, næringsliv og heradet i det heile finn ein på www.kvam.no/velkomen-til-kvam/
Meir informasjon om kyrkjene i Kvam finn du på www.kyrkja.no/kvam
Kvam kyrkjeleg fellesråd søkjer etter sakshandsamar i 70% stilling.
Den norske kyrkja i Kvam består av 4 sokn med 5 kyrkjer, og er ein del av Hardanger og Voss prosti. Kvam herad har ca 8.500 innbyggjarar. Administrasjonsmålet er nynorsk. Dei tilsette har kontor i Norheimsund kyrkje, som ligg ein times køyring frå Bergen. Staben består av: kyrkjeverje, kateket, kyrkjelydspedagog, 2 prestar, 2 kantorar, sakshandsamar, 4 kyrkjetenarar og kyrkjegardsarbeidarar.
Staben har ansvar for alle sokna. Utanom dei tilsette er det mange frivillige medarbeidarar som gjer ein stor innsats i kyrkjelydane.
Stillinga er fast i 70%, med oppstart 01.06.2022
Søknadsfrist: 28.02.2022
Arbeidsgivar: Kvam kyrkjelege fellesråd
Stad: Norheimsund
Stillingstittel: Sakshandsamar
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 70
Webcruiter-ID: 4479198591
Arbeidsoppgaver
Registrera kyrkjelege handlingar og aktivitet i kyrkjene
Arkivering
Fakturering
Diverse kontorarbeid for prestar og sokneråd
Oppdatering av heimesida
Stedfortredar for kyrkjeverja
Kvalifikasjoner
Erfaring frå kontor
Kjennskap til enkelt rekneskap/fakturering
Arkivering
Kunne bruke ulike dataprogram
Beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Sjølvstendig og strukturert
Positiv, initiativrik og nytenkjande
Kontaktskapande og relasjonsbyggjande
Fleksibel og løysingsorientert
Personlege eigenskapar og evne til samarbeid vil verta særleg vektlagt.
Anna:
Den som vert tilsett, må vera medlem av Den norske kyrkje
Godkjent politiattest må leggjast fram, jf trussamfunnslova, §20
Vi tilbyr
Engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
Kontorplass i Norheimsund
Allsidige arbeidsoppgåver
Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk i KA’s tariffområde
Tilsetjing etter gjeldande lover og reglement, og med 6 månaders prøvetid.
Løn, arbeids- og tilsetjingsforhold vert i samsvar med lover, føreskrifter og tariffavtaler som gjeld i kyrkja. Fellesrådet har pensjonsordning gjennom KLP.
Kyrkjevegen 40, 5600 Norheimsund, Norge
Søk på stillingen her.
Kontaktinformasjon
Sigrid K. Eriksen-Tufteland, Kyrkjeverje
41 40 00 35
Anne Kari Sørheim, Sakshandsamar
47 48 31 20