Vindafjord kommune

 

Ruskonsulent

 

 

 

Me søker:

Ruskonsulent i 100 % stilling

Fast stilling fom. 01.02.24 i Avdeling Psykisk helse og rus

Ruskonsulenten jobber i team og er samlokalisert med psykisk helse i Sandeid

 

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Behandling, individuelle samtalar, gje støtte, råd og rettleiing til vaksne med rus/psykiske utfordringar og deira pårørande
  • Koordinering/oppfølging, deltaking i ansvarsgruppe, IP
  • Miljøarbeid og rettleiing i kvardagen
  • Medisinoppfølging, delta i administrasjon og utdeling av medisinar
  • Rettleiing og undervisning til anna personale,
  • Samarbeid med andre tenester kommunale og interkommunalt mm.
  • Hevisning til rusbehandling

 

Kvalifikasjonar:

  • Helsefagarbeidar med vidareutdanning i rus
  • Sjukepleiar/Vernepleiar med vidareutdanning i rus
  • Sosionom med vidareutdanning i rus
  • Erfaring frå rusarbeid vert vektlagt

 

Personlege eigenskapar:

  • Engasjert og løysingsorientert
  • Har gode kommunikasjonsevner og relasjonelle ferdigheiter som gjer ein i stand til å snakke med brukarar, deira pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Har ein robust, trygg og open personlegheit, og har god arbeidskapasitet
  • Utholdande og tolmodig
  • Har god evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig og i saman med andre og er reflektert
  • Grunnleggende datakunnskaper og forståelse er nødvendig
  • Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Personlege eigenskaper vil bli vektlagt

 

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

 

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

 

Andre opplysningar:

Avdelinga har leasinbilar, men bruk av eigen bil kan vere aktuelt

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

 

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 

 

Søk her

 

 

  • Fylke: Rogaland
  • Jobbtype: Fast
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Arbeidstid: Dag
  • Søknadsfrist: 16.01.2024
  • Tiltreding: 29.01.2024
  • Arbeidsstad: Psykisk helse og rus – Sandeid fengsel/Helseavdelinga

 

Kontaktpersonar:

Karen Synnøve Skjold – Avd. leiar psykisk helse og rus
mob: +47 97969426

Tina Kvaløy – Einingsleiar Rus og psykiatri
mob: +47 95059091

 

Heimeside:

www.vindafjord.kommune.no

 

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

 

 

Vindafjord kommune

Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har ni bygder med ca. 8.850 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å vera sentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje både mot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/a2b46e8d-9ad2-4260-9d05-f2090447add9 

Del stillingen

Selskap

Vindafjord kommune

Kontaktinfo

  • Karen Synnøve Skjold
  • Tittel: Avd. leiar psykisk helse og rus
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 979 69 426
  • Tina Kvaløy
  • Tittel: Einingsleiar Rus og psykiatri
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 950 59 091

Lokasjon

  • Ølen

Søknadsfrist

Januar 16, 2024