Kvinnherad kommune Helse

Legevikar ved sjukeheimane

 

Ynskjer du å arbeidde i eit engasjert team som har hjarte for eldreomsorg?

Vi søker legevikar for sommaren 2023 på sjukeheimane i Rosendal og Husnes

Kvinnherad kommune ligg i Hardanger og Sunnhordland, omkransa av vakker natur med fjord, fjell og bre. Kommunen har vel 13.200 innbyggjarar. Her er eit rikt friluftsliv både til fjells og til sjøs og eit levande kulturliv med blant anna Baroniet i Rosendal.

Rosendalstunet er ein moderne sjukeheim som opna i 2018. Det er 60 plassar fordelt på 6 avdelingar. 2 langtidsavdelingar, 2 korttid/rehabiliteringsavdelingar, 2 demensavdelingar der den eine er ei forsterka demensavdeling.

Husnestunet har 45 plassar fordelt på ei korttid/KAD avdeling, ei langtid og ei demensavdeling.

Halsnøytunet har 19 plassar fordelt på ei demensavdeling og ei korttid/langtids-avdeling.

Om stillinga

  • 100 % stilling som sjukeheimslegevikar frå 19.06.23 til 13.08.23.
  • Arbeidsstad er trinnvis på Rosendalstunet og Husnestunet. Arbeidstida er 37,5 t/veike på dagtid.
  • Kommunen har i dag 3 sjukeheimslegar og 2 tilsynslegar som også arbeider som fastlegar. Det er eit godt medisinskfagleg miljø og eit godt samarbeid med fastlegane.
  • Du får ei grundig opplæring som vil sørga for at du føler deg trygg og komfortabel med å jobbe som sjukeheimslege.
  • Kvinnherad kommune gir SVÆRT GODE BETINGELSER – både for sommarvikarar og annet engasjement. Ta kontakt med oss for nærmare avklaring rundt dette.

Arbeidsoppgåver

· Medisinsk oppfølging av pasientane på sjukeheimen og kommunikasjon med pårørande

· Samarbeid med spesialisthelsetenesta og den kommunale helsa og omsorgstenesta

· Sjukeheimslegen er knytt til eit tverrfagleg team beståande av sjukepleiarar, ergoterapeut og fysioterapeutar

Kvalifikasjonar

· Norsk autorisasjon som lege

· Dersom du har anna morsmål enn norsk må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande B2. Gjelder ikkje søkarar med eit skandinavisk språk som morsmål.

· Interesse for eldremedisin og palliasjon

· Erfaring frå eldremedisin eller allmennmedisin er ønskeleg

· Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya, samt har god kunnskap i dokumentasjonsverktøy.

· Du må kunna disponera eigen bil

Personlege eigenskapar

· Fagleg sterk, strukturert og evne til å arbeidde sjølvstendig

· Løysingsorientert og stor arbeidskapasitet

· Gode relasjons- og kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

· Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø der ein får utvikla seg fagleg

· Variert og sjølvstendig arbeid

· Opplæringsdag med fast sjukeheimslege

· Hjelp med bolig

· Løn etter avtale

Tilsetjing

Tilsettinga skjer i samsvar med gjeldande lovar, reglement og avtaleverk. Lønn etter avtale i forhold til utdanning og praksis.

Politiattest må leverast i samsvar med helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Politiattest skal ikkje leggast ved søknad, men skaffast etter at tilbod blir gitt, jf. politiregisterforskrifta § 36-1 nummer 3.

Offentligheit

Opplysningar om søkjar kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista, jamfør Offentligheitsloven § 25.

 

Nærare opplysningar om stillinga, økonomiske vilkår m.m. kan ein få hos:

Einingsleiar Helse Irina Zimina tlf. 488 94 055, [email protected]

 

Søk på stillinga her.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Vikariat

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 05.02.2023

 

Kontaktpersonar:

Irina Zimina

mob: +47 488 94 055

 

Heimeside:
www.kvinnherad.kommune.no

 

Kvinnherad kommune – Veg og park.

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar. Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

 

Del stillingen

Selskap

Kvinnherad kommune

Kontaktinfo

  • Irina Zimina
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 488 94 055

Lokasjon

  • Husnes
  • Rosendal

Søknadsfrist

Februar 5, 2023