Tomrefjord skule

 

Har du lyst til å vere øvste leiar på Tomrefjord skule?

 

 

Vestnes kommune søkjer ein utviklingsorientert og samlande rektor/einingsleiar for Tomrefjord skule.
Tomrefjord skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule (1-10, SFO) med ca. 215 elevar. Skulen ligg fint til mellom fjord og fjell, og disponerer område med gapahuk ved sjøen. Naturen blir brukt aktivt i undervisninga, og har mellom anna fast uteskuledag for 1-4 steg. Rett ved skulen ligg også idrettshall med tilhøyrande svømmebasseng. Ny felles ungdomsskule i Vestnes er under planlegging. Når den står ferdig, blir Tomrefjord ein rein barneskule. Ønskjeleg med oppstart snarast mogleg.

 

Ønska kvalifikasjonar:

• Utdanning frå høgskule eller universitet innan relevante fag, gjerne med vidareutdanning innan leiing
• Undervisningserfaring frå grunnskulen
• Leiarerfaring frå offentleg sektor, særleg som rektor
• God framstillingsevne, både skriftleg og munnleg. Må meistre både nynorsk og bokmål
• Gode IKT-kunnskapar
• Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging

 

Vi søkjer ein person som:

• Har ambisjonar om å skape eit godt læringsmiljø for elevane
• kan leie digitaliseringsarbeidet ved skulen
• Har evne til å planlegge og gjennomføre tiltak
• Kan arbeide målretta og systematisk
• Kan arbeide sjølvstendig og i team
• Har evne til å etablere godt samarbeid mellom partane i skulesamfunnet og til å skape gode relasjonar
• Kan inspirere, motivere og rettleie
• Har eit heilskapleg fokus og evner å få sektoren til å forstå kommunen sine mål og omsette dei i handling: «Frå nokon sitt ansvar – til alle sin kvardag»
• Har gode samarbeidsevner på alle nivå i organisasjonen og med tillitsvalte
• Har gjennomslagskraft og samstundes ei tydeleg og audmjuk tilnærming
• Framoverlent, nytenkande og uredd

Administrativ erfaring og personlege eigenskapar blir vektlagt. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

 

Vi tilbyr

• eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
• ein arbeidsplass med fokus på utvikling
• ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
• gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale

 

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

 

Referansar

Oppgi referansar

 

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Ved spørsmål til stillinga, ta kontakt med kommunalsjef oppvekst og kultur, Ronny Engan.

 

 

Søk her

 

 

  • Fylke: Møre og Romsdal
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Arbeidstid: Dag
  • Stillingstype: Heiltid/Deltid
  • Søknadsfrist: 12.03.2024
  • Tiltreding: Snarast
  • Arbeidsstad: Tomrefjord skule

 

Kontaktpersonar:

Ronny Engan
mob: 95102115

 

Heimeside:

www.vestnes.kommune.no

 

Adresse:

Lidvegen 14 6393 Tomrefjord

 

Tomrefjord skule

Tomrefjord skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med ca. 215 elevar. Skulen ligg fint til mellom fjord og fjell, og disponerer område med gapahuk ved sjøen. Naturen blir brukt aktivt i undervisninga. Rett ved skulen ligg også nyrenovert idrettshall med tilhøyrande svømmebasseng.

Del stillingen

Selskap

Vestnes kommune

Kontaktinfo

  • Ronny Engan
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: 951 02 115

Lokasjon

  • Tomrefjord

Søknadsfrist

Mars 12, 2024