Kulturskulerektor
Om stillinga
Aurland kommune har ledig 100 % fast stilling som kulturskulerektor frå 01.02.2024. Stillinga inneber i hovudsak administrasjon for kulturskulen, fritidsklubben og biblioteket. Undervisning kan bli ein del av stillinga.
Aurland kulturskule er lokalisert i Aurland idretts- og samfunnshus (AIS) og ved Flåm skule. Me tilbyr mellom anna undervisning i musikkfag, dans og biletkunst. Der er seks tilsette, og om lag 65 elevar. Kulturskulen skal arbeide for å styrka den kulturelle fellesskapen i Aurland kommune. Føremålet er at elevane skal utvikle og presentere dei kunstnarlege og kreative evnene sine gjennom musikk- og kunstopplevingar, utan omsyn til alder eller funksjonsnivå.
Aurland folkebibliotek har fine lokale i første etasje ved Aurland barne- og ungdomsskule (Abu), og har tre tilsette. Me har eit godt utval med bøker, film og lydbøker for store og små. Her blir du godt kjent med elevane ved skulen, i tillegg til bygdefolk som anten vil låne seg ei bok, lese dagens avis eller nytte seg av andre tilbod. Me håpar at du brenn for å skape eit «levande» bibliotek.
Fritidsklubben held til i kjellaren i AIS, og har tre tilsette. For dei yngste frå 5. – 7. klasse har me aktivitetsklubb og leksehjelp. På klubben er det ulike aktivitetar knytt til natur og kultur. Der er eige rom med Tv og PC, ein kan spele mellom anna bordtennis og biljard. Dette er populært for dei eldste ungdomane.
Kontorstaden til kulturskulerektor vert ved Abu. Arrangement som UKM, Nynorske litteraturdagar og kulturskulekonsertar vert nokre av ansvarsoppgåvene. Rektor vert også eit kontaktpunkt for Teater Vestland.
Aurland kommune er i omstilling der målsettinga er koordinert samarbeid i kommunalområde oppvekst. Me vil dyrke fleksibilitet for å gje gode tenester til brukarane våre. Kulturskulen, fritidsklubben og biblioteket er lagt inn under oppvekstområdet for at planarbeid i oppvekstområdet og tenestetilboda skal bli samkøyrde. Ei slik organisering stettar mellom anna kommunen sitt planarbeid om å gje born og unge eit trygt og godt oppvekstmiljø. I tillegg til at Aurland kommune vert godt rusta til å jobbe med førebygging og samhandling for å nå måla i oppvekstreforma.
Kultur er ein viktig del av oppveksten til barna våre, gjennom skule og fritidstilbod.
Arbeids- og ansvarsområde
Kulturskulerektor rapporterer til rektor for Aurland barne- og ungdomsskule, og inngår i leiinga på skulen. Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga:
- drift av kulturskule, fritidsklubb og bibliotek
- kulturfagleg, pedagogisk, og administrativ leiing
- personalleiing
- budsjettansvar for funksjonane kulturskule, fritidsklubb, bibliotek og kulturtiltak/arrangement
- oppretthalde og vidareutvikle eit godt og kreativt arbeids- og læringsmiljø
- ha ein god dialog med brukarar og samarbeidspartnarar
- samarbeide med profesjonelle kulturaktørar og frivillige organisasjonar
- oppfølging av den daglege verksemda i kulturskulen og tiltak/prosjekt som kulturskulen har ansvar for som ressurssenter
- kommunale arrangement
Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast. Andre oppgåver kan verte lagt til stillinga.
Me tilbyr
- Ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
- Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- Gratis inngang til symjehallen (etter kl. 20.00)
- Hjelp til å skaffe bustad
- Hjelp til å skaffe jobb til partnar
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Kvalifikasjonar
- utdanning frå høgskule/universitet innanfor musikk- og kulturfag, og/eller pedagogisk utdanning. Anna relevant utdanning kan vurderast.
- relevant leiarutdanning og leiarerfaring frå offentleg forvaltning eller kulturinstitusjon.
- erfaring frå kulturskule- og kultursektoren
- erfaring frå arbeid med kunst og kultur, born og unge
Personlege eigenskapar
Me søkjer ein kulturskulerektor som er engasjert og tydeleg i sitt leiarskap, og som har evne til å inspirere og motivere medarbeidarane sine. Du må ha evne til å arbeide strategisk og langsiktig med utvikling av kulturskulen. Det vert lagt vekt på samarbeids- og gjennomføringsevne, fleksibilitet og desse eigenskapane:
- tydeleg og trygg leiar med god gjennomføringsevne
- er lojal og strukturert, og samtidig kreativ og kan tenke nytt
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- vere ein samarbeidsorientert relasjons- og nettverksbyggar med evne til å jobbe sjølvstendig
- ha stort engasjement og interesse for kulturlivet
- ha god og tydeleg munnleg og skriftleg framstillingsevne
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Om oss
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
Spørsmål om stillinga
Eyvind Eidhammer
Kommunalleiar oppvekst
92685121
eyvind.eidhammer@aurland.kommune.no4
Bjørg Henriette Gustavsen
Rektor/tenesteleiar
91700179
bjorg.henriette.gustavsen@aurland.kommune.no
- Søknadsfrist: 19. desember 2023
- Arbeidsgivar: Aurland kommune
- Kommune: Aurland
- Omfang: Heiltid
- Varigheit: Fast
- Arbeidsstad: Skulevegen 5, 5745 Aurland