Rektor / lærer /fagarbeider/assistent
Arbeidsgiver Tresfjord Friskule SA
Stillingstittel Rektor / lærer /fagarbeider/assistent
Frist 20.01.2022
Ansettelsesform Fast
Vil du vere med på og starte opp og prege din eigen arbeidsplass ?
Tresfjord Friskule SA planlegg oppstart av ny grunnskule hausten 2022, i samanheng med det søkjer Tresfjord Friskule SA etter pedagogisk personell i fleire stillingar:
- Rektor i delt stilling administrasjon og undervisning
- Lærarar/ kontaktlærar for 1-7 klasse
- Assistentar og fagarbeidarar
- Løn og pensjonsrettar tilsvarande den offentlege skulen.
- Inga offentleggjering av søkjarlista
Om arbeidsgiveren
Tresfjord Friskule har godkjent skulesøknad , og planlegg oppstart av ny 1-7 grunnskule hausten 2022. Skulen har godkjenning for inntil 70 elevar.
Enspireskulen ynskjer å utvikle entreprenørskap på tvers av fag og klassetrinn. Dette åpnar for eit eige fag, tverrfagleg temabasert undervisning og bruk av entreprenørskap som arbeidsform. Elevane får bruke eigne evner og interesser, og det leggast til rette for å oppdage kva moglegheiter og ressursar som finnast i nærmiljøet, Difor knytast skulen si verksemd tett opp mot lokalt arbeids og samfunnsliv. Bruk av elevbedrifter og praktisk arbeid gjev mange moglegheiter for meiningsfull læring. Enspireskulen ynskjer å vise elevane korleis dei kan vere med å utvikle sin eigen arbeidsplass og til å vare verdiskapande i lokalsamfunnet.
Tresfjord Friskule SA vil søkje om driftstillatelse våren 2022, og kvalifikasjonane til dei tilsette vil vere ein del av søknaden.
For meir informasjon om Enspire sjå: www.enspire.no
6391 Tresfjord
Tresfjord Friskule Sa
Spørsmål om stillingen
Tor Elling Kjersem, Styreleiar
Mobil 907 96 337
Nils Øvstedal
Telefon 915 34 630