Osterøy kommune søkjer nye leiarar til Osterøyskulen!
Rektor og avdelingsleiar
Vi har 2 ledige leiarstillingar i Osterøyskulen. Stillingane er faste og heile stillingar med oppstart frå 01.08.2022.
Søknadsfrist er forlenga til 22.04.2022!
Vi har ledig stilling som rektor ved Haus skule og avdelingsleiar ved Valestrand skule.
“Lærelyst og meistring for framtida” er Osterøyskulen sin visjon. Fagfornyinga og overordna del med verdiar og prinsipp for grunnopplæringa ligg til grunn for dei områda Osterøyskulen har prioritert for dei neste tre åra.
Haus skule:
Haus skule ligg høgt og fritt i Haus i Osterøy kommune og er ein 1-7 barneskule med f.t. 117 elevar og om lag 30 barn i SFO. Skulen disponerer eit stort uteområde.
Skulen sitt leiarteam er sett saman av rektor og to avdelingsleiarar.
Haus skule er ein av dei fire kommunale barneskulane på Osterøy. I Osterøyskulen arbeidar vi systematisk med skuleutvikling. Språkutvikling, vurdering for læring og trygt og godt skulemiljø står sentralt.
Arbeidsoppgåver som rektor i Osterøy kommune:
Rektor har pedagogisk, administrativt og økonomisk ansvar i tillegg til personalansvar for skulen innan gitte rammer. Rektor rapporterar til tenesteleiar for skule og deltek i nettverk med andre skuleleiarar
Rektor skal sikra god styring av eininga sine ressursar i samsvar med gitte rammer og mål
Rektor skal leggje til rette for gode læringsprosessar på skulen, der ein set profesjonsutvikling, elevane sitt læringsmiljø og læringsutbytte i sentrum.
Rektor må leie gjennom meistringsorientert leiing og spele medarbeidarane gode gjennom tydeleg og inkluderande leiarskap
Rektor er ansvarleg for at skulen sitt samfunnsmandat vert utført i samsvar med lov og regelverk og etablere eit godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
Rektor skal arbeide målretta med å inkludera elevar, føresette, tilsette og tillitsvalde i skulen sine utviklings- og avgjerdsprosessar
Ønskjeleg kompetanse hjå rektorane i Osterøyskulen:
Relevant høgare utdanning og godkjend pedagogisk utdanning
Relevant kompetanse innan inkluderande spesialpedagogikk
Relevant leiar-/skuleleiingsutdanning vil bli vektlagt. Eventuelt avtale om gjennomføring av leiarutdanning, minimum rektorskulen
God forvaltningskompetanse og generelle dugleikar innan IKT
Kjennskap til, og forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og fag
Valestrand skule:
Valestrand skule er ein fulldelt barneskule med om lag 230 elevar og 30 tilsette. Skulefritidsordninga har om lag 60 elevar, delt på 1.-4. trinn.
Skulen sine verdiar: engasjert, inkluderande og kreativ, står sentralt i skulen sitt arbeid.
Skulen ligg fint til på Valestrandsfossen med god tilgang til kulturlandskap og idrettsplass. Skulen ligg i kort avstand til ferje som tek deg til Breistein på om lag 12 minutt. I nærområdet finn ein frodig natur og flotte turområde, samt Valestrand barnehage og Valestrand sentrum.
Skulen sitt leiarteam er sett saman av rektor, to avdelingsleiarar og SFO-leiar.
Valestrand skule er ein av fire kommunale barneskular. I Osterøyskulen arbeidar me systematisk med skuleutvikling. Språkutvikling, vurdering for læring og trygt og godt skulemiljø står sentralt.
Som avdelingsleiar i Osterøy kommune får du høve til å:
Delta i utviklinga av Osterøyskulen
Samarbeide tett i skulen si leiargruppe
Samarbeide med tilsette, tillitsvalde, verneombod, føresette og andre instansar for å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø prega av lærelyst og engasjement hjå elevane
Kommunisere tydelege mål og forventningar knytt til læring og arbeidsmiljø
Ha personalansvar etter avtale med rektor
Følgje opp HMT-arbeid
Vere faglærar som ein del av stillinga
Ønskjelege kvalifikasjonar hjå våre avdelingsleiarar:
Lærarutdanning og pedagogisk erfaring
Ynskje om erfaring som skuleleiar og leiarutdanning
Innsikt i forsking og evne til å omsetje denne gjennom opplæring som fremjar elevane si faglege og sosiale læring i samarbeid med personalet på skulen
Innsikt i, og handlekraft til å gjennomføre, fagfornyinga og framtidas skule
Gjerne erfaring med systematisk skuleutviklingsarbeid
Gjerne spesialpedagogisk tilleggsutdanning og erfaring med tidleg innsats
Evne til å fremje ei heilskapleg og framtidsretta skuleutviklking i tråd med nasjonale og lokale føringar
Personlege eigenskapar blir tillagd stor vekt
Vi ønskjer følgjande personlege eigenskapar hjå leiarar i Osterøyskulen:
Du identifisera deg som skuleleiar og utøver tydeleg leiing gjennom å balansere leiing, styring og aktiv medverknad
Syner evne til å byggje gode relasjonar til elevar, medarbeidarar og føresette
Praktisera verdigrunnlag i tråd med overordna del av læreplanverket
Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Er tydeleg, raus, løysingsorientert og har evne til å stå i omstilling over tid
Har god system- og rolleforståing, samt arbeidar systematisk og strukturert
Deltek aktivt som pådrivar i skulen og kommunen sitt utviklingsarbeid
Innehar høg grad av integritet
Legg til rette for nyskaping og innovasjon
Er engasjert, modig og har høg grad av gjennomføringsevne
Me tilbyr:
Ein spanande og utfordrande jobb
Målretta kompetanseutviklingstiltak
Leiarutvikling i etablerte nettverk med dyktige skuleleiarar
Gode pensjon- og forsikringsordningar, for tida plasserte hjå Statens pensjonskasse og Gjensidige forsikring
Leiarstøtte frå tenesteleiar for skule
Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
Ein arbeidsstad i grøne, frodige omgjevnadar
Høg grad av moglegheit til å påverke utviklinga av framtidas Osterøyskule
Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar
Praktisk informasjon om søknad
For å søkje på ei av dei ovannemnde stillingane må du først velje skule til høgre i annonsa. Klikk på ønskja skule og deretter på “send søknad”.
Alle søknadar skal registrerast elektronisk gjennom rekrutteringsportalen EasyCruit. Vitnemål og attestar som ikkje er lasta opp elektronisk vil ikkje bli returnert.
Søkjarliste er offentleg
Dersom du får tilbod om og tek i mot stillinga, må du leggja fram gyldig politiattest som heimla i opplæringslova § 10-9 fyrste stykke, jf. politiregisterlova § 39 fyrste stykke. Attesten kan ikkje vere eldre enn 3md.
Ønskjer du å søke stilling som rektor ved Haus skule går du inn her.
Ønskjer du å søke stilling som avdelingsleder ved Valestrand skule går du inn her.
Avdeling: Haus skule
Valestrand skule Fylke:
Vestland Jobbtype:
Fast Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 22.04.2022
Arbeidsstad: Osterøy kommune
Osterøy kommune
Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna