Rekneskapsleiar – 100 % fast stilling
Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som rekneskapsleiar ved avdeling for Økonomi og rekneskap. Du vil ha ansvar for å drifte kommunen sin rekneskapsfunksjon, og for å sikre gode og effektive prosessar for rekneskap. Rekneskapsleiar er underlagt økonomisjef. Me held til på kommunehuset i Vang sentrum, og økonomiavdelinga består av 5 tilsette. Til stillinga ligg fagansvar for rekneskap, men ikkje personalansvar for øvrige tilsette i avdelinga. Vang kommune omsetter for ca 300-350 millionar årleg. Noverande rekneskapsleiar er med oss ei tid framover slik at me sikrar ein god og solid overgang for ny rekneskapsleiar.
Me tilbyr:
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente tilsette
- Ein jobb der ein får arbeide med «heile organisasjonen»
- Fleksibel arbeidstid
- Ein variert jobb med spennande utfordringar. Ingen dag er lik!
- Løn etter avtale/tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- I Vang er det godt å bu! (sjå mange fordeler nedst i annonsen)
- Hjelp til å skaffe bustad ved behov
Søknadsfrist: 03.09.2024
Arbeidsgivar: Vang Kommune
Stad: Vang i Valdres
Stillingstittel: Rekneskapsleiar – 100 % fast stilling
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4843246011
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for rekneskap og inkasso i Vang kommune
- Utarbeiding av årsrekneskap
- Ansvar for å sikre høg kvalitet på internkontroll og rutinar i rekneskapsprosessen
- Ansvar for inngåande og utgåande fakturabehandling, avstemmingar, banktransaksjonar og rekneskapsmessige vurderingar
- Påsjå at gjeldande lover, regler og avtalar vert fulgt
- Systemeigar for økonomisystem
- Forbedringsarbeid og vidareutvikling av rekneskapsfunksjon, prosessar og arbeidsmetodar, herunder effektivisering og digitalisering av rutinar
- Dialog med revisor
- Arbeid knytt til legat
- Rapporteringsarbeid
- Rådgjeving og saksbehandling knytt til rekneskapsmessig arbeid
- Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga og kommunen er i kontinuerleg endring, dvs at endring i arbeidsoppgåvar må påreknast.
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis relevant utdanning
- God erfaring kan vege opp for manglande formalkompetanse
- Ynskjeleg med relevant erfaring
- God talforståing
- Gode digitale kunnskapar, systemforståelse og interesse for IKT
- God skriftleg og munnleg framstillingevne
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Positiv, effektiv og serviceorientert
- Nysgjerrig på system og opptatt av utvikling og av å finne gode effektive løysingar
- Prosess- og løysingsorientert
- Fleksibel og sjølvstendig
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
- Strukturert og endringsvillig
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vang kommune nyttar nynorsk som målform.
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres, Norge
Kontaktinformasjon
Ole Martin Alfstad
Økonomisjef
Telefon:99009605
E-post:[email protected]
Vang kommune som arbeidsgjevar:
- Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
- Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
Å bu i Vang kommune:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne – og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha «vestlandsfjell med austlandsklima«, og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
- Meir info om arbeids – og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.