Uranostind mindre versjon - kjøpt av OA 24

Rekneskapsleiar – 100 % fast stilling – 2. gongs utlysning

 

 

Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som rekneskapsleiar ved avdeling for Økonomi og rekneskap. Du vil ha ansvar for å drifte kommunen sin rekneskapsfunksjon, og for å sikre gode og effektive prosessar for rekneskap. Rekneskapsleiar er underlagt økonomisjef. Me held til på kommunehuset i Vang sentrum, og økonomiavdelinga består av 5 tilsette. Til stillinga ligg fagansvar for rekneskap, men ikkje personalansvar for øvrige tilsette i avdelinga. Vang kommune omsetter for ca 300-350 millionar årleg. Noverande rekneskapsleiar er med oss ei tid framover slik at me sikrar ein god og solid overgang for ny rekneskapsleiar.

Me tilbyr:

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente tilsette
  • Ein jobb der ein får arbeide med «heile organisasjonen»
  • Fleksibel arbeidstid
  • Ein variert jobb med spennande utfordringar. Ingen dag er lik!
  • Løn etter avtale/tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • I Vang er det godt å bu! (sjå mange fordeler nedst i annonsen)
  • Hjelp til å skaffe bustad ved behov

 

Søknadsfrist: 02.10.2024
Arbeidsgivar: Vang Kommune
Stad: Vang i Valdres
Stillingstittel: Rekneskapsleiar – 100 % fast stilling – 2. gongs utlysning
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4843246011

 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for rekneskap og inkasso i Vang kommune
  • Utarbeiding av årsrekneskap
  • Ansvar for å sikre høg kvalitet på internkontroll og rutinar i rekneskapsprosessen
  • Ansvar for inngåande og utgåande fakturabehandling, avstemmingar, banktransaksjonar og rekneskapsmessige vurderingar
  • Påsjå at gjeldande lover, regler og avtalar vert fulgt
  • Systemeigar for økonomisystem
  • Forbedringsarbeid og vidareutvikling av rekneskapsfunksjon, prosessar og arbeidsmetodar, herunder effektivisering og digitalisering av rutinar
  • Dialog med revisor
  • Arbeid knytt til legat
  • Rapporteringsarbeid
  • Rådgjeving og saksbehandling knytt til rekneskapsmessig arbeid
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga og kommunen er i kontinuerleg endring, dvs at endring i arbeidsoppgåvar må påreknast.

 

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis relevant utdanning
  • God erfaring kan vege opp for manglande formalkompetanse
  • Ynskjeleg med relevant erfaring
  • God talforståing
  • Gode digitale kunnskapar, systemforståelse og interesse for IKT
  • God skriftleg og munnleg framstillingevne
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

 

Personlege eigenskapar

  • Positiv, effektiv og serviceorientert
  • Nysgjerrig på system og opptatt av utvikling og av å finne gode effektive løysingar
  • Prosess- og løysingsorientert
  • Fleksibel og sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
  • Strukturert og endringsvillig

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vang kommune nyttar nynorsk som målform.

 

Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres, Norge

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Ole Martin Alfstad
Økonomisjef
 Telefon:99009605
E-post:[email protected]

 

Vang kommune som arbeidsgjevar: 

  • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
  • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!

Å bu i Vang kommune: 

  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne – og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete,  med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg!  Vang blir sagt å ha «vestlandsfjell med austlandsklima«, og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
  • Meir info om arbeids – og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

 

 

Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. 

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det. 

Del stillingen

Selskap

Vang kommune i Valdres

Kontaktinfo

Lokasjon

  • Vang I Valdres

Søknadsfrist

Oktober 2, 2024