Rekneskapskonsulent

 

 

Gloppen kommune søkjer ein dyktig og engasjert rekneskapskonsulent som skal ha ansvar for rekneskapsoppgåver frå A til Å. Vi ser etter deg som har stor interesse for rekneskap og som ønskjer å vere ein del av vårt kompetente og trivelege arbeidsmiljø.

Som rekneskapskonsulent får du anledning til å både jobbe konsentrert med enkelte arbeidsoppgåver, samt yte støtte til leiarar og andre ute i einingane.

 

Søknadsfrist: 18.08.2024
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Stillingstittel: Rekneskapskonsulent
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4836397798

 

Arbeidsoppgåver

  • Rekneskapsoppgvåver frå A til Å:

– Rapporteringsarbeid
– Avstemming og kontroll av rekneskapen
– Rekneskapsavslutning
– Likviditetsstyring
– Bilagsføring
– Mva rapportering

  • Rådgjeving innad i organisasjonen, og kontakt med kundar
  • Følgje opp og halde ved like økonomisystemet og tilhøyrande forsystem
  • Medverke til kontinuerleg effektivisering av rekneskapsarbeidet
  • Innfordring og kontroll av faktureringssystem

 

Kvalifikasjonar

  • Ønskjeleg med utdanning på høgskulenivå med hovudvekt på rekneskap/økonomi
  • Erfaring frå liknande arbeid, gjerne frå offentleg sektor
  • Erfaring med bruk av økonomisystem og rekneskapsprogram
  • Gode IT-kunnskapar, særleg innan Excel
  • Godt språk både munnleg og skriftleg (norsk og engelsk)

 

Personlege eigenskapar

  • Strukturert, systematisk og nøyaktig
  • Analytisk og problemløysande
  • Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Serviceinnstilt og positiv haldning

 

Vi tilbyr

  • Eit godt fag- og arbeidsmiljø med varierte oppgåver, og kjekke kollegaer
  • Fleksibel arbeidstid
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høve til kompetanseheving og vidareutvikling

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Benedicte Moritsgård Refvik
Økonomisjef
 Telefon:+47 918 39 375

 

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Del stillingen

Selskap

Gloppen kommune

Kontaktinfo

  • Benedicte Moritsgård Refvik
  • Tittel: Økonomisjef
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 918 39 375

Lokasjon

  • Sandane

Søknadsfrist

August 18, 2024