Vest-Telemark Kraftlag Holding AS

Reinhaldar (80%)

 

Frist 10.09.2023

Ansettelsesform Vikariat

Vår medarbeider skal ha permisjon og det blir difor ledig ei 80% stilling som reinhaldar frå 1. november. Vikariatet vil vare i ca. 11 månadar.

Du vil ha ansvar for dagleg reinhald av kontorlokale i Høydalsmo. Arbeidsomfanget er ca. 6 timar pr. dag; – helst på dagtid, men andre tidspunkt kan avtalast.

Vi ser etter ein positiv og sjølvgåande person som er oppteken av å gjere ein god jobb, gjerne med erfaring frå reinhald. Søknad frå firma/sjølvstendig næringsdrivande vil også bli vurdert.

Løn etter nærare avtale. VTK har eiga pensjonskasse med vilkår som i andre offentlege ordningar. Tilsetjinga skjer elles i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og avtaler.

Spørsmål om stillinga kan rettast til personal ved Stine Hille (tlf. 901 13 572).

Søknad med CV og kopi av dei viktigaste vitnemål/attestar sender du på mail til Vest-Telemark Kraftlag Holding.

 

Søk på stillingen her.

 

Vest-Telemark Kraftlag Holding As

Høydalsmovegen 815, 3891 Høydalsmo

 

Spørsmål om stillingen

Stine HilleStillingstittel, Økonomisjef

Mobil  90 11 35 72

 

Om arbeidsgiveren

Vest Telemark Kraftlag (VTK) blei stifta 13. september 1940 og er i dag eit konsern der VTK Holding AS er morselskap; – eigd av dei 6 kommunane i Vest-Telemark. I konsernet er det to dotterselskap, Telemark Nett AS og VTK AS. Telemark Nett AS har eit samla nett på over 3000 km for å forsyne sine 15.000 nettkundar. VTK AS driv med kraftproduksjon, kraftomsetning og fiber. Kraftproduksjonen er primært knytt opp mot deleigde selskap, der Skafså Kraftverk ANS og Sundsbarm Kraftverk DA er dei største. VTK AS har ein total produksjonstilgang på ca. 280 GWh.
VTK har om lag 11000 kundar på kraftomsetning. Fibernettet blir leigd ut til deleigd dotterselskap Telefiber AS som har over 6000 kundar. Konsernets aktivitetar er samla på Høydalsmo i Tokke kommune. Nettselskapet har ei avdeling i Treungen i Nissedal kommune. Konsernet hadde i 2022 ei omsetning på 750 mill.kr og om lag 60 tilsette.

 

Del stillingen

Selskap

Vest-Telemark kraftlag

Lenke til firma

https://www.vtk.no/

Kontaktinfo

  • Stine Hille
  • Tittel: Økonomisjef
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Mobil 901 13 572

Lokasjon

  • Høydalsmo

Søknadsfrist

September 10, 2023