Revisor i Sogndal
Arbeidsgiver Vestland Revisjon Kommunalt Oppgåvefellesskap
Stillingstittel Rekneskapsrevisor og forvaltningsrevisor
Frist 27.05.2022
Ansettelsesform Fast
Vestland Revisjon søkjer no etter revisorar til to stillingar i Sogndal.
Vi kan tilby
– Utfordrande stillingar med allsidige og varierte arbeidsoppgåver.
– Høve til å påverke din eigen arbeidsdag og arbeidsoppgåver.
– Gode kurs- og etteropplæringstilbod.
– Fleksibel arbeidstid.
– Løn etter avtale.
Stilling som rekneskapsrevisor:
Ønska kvalifikasjonar:
– Statsautorisert revisor eller annan høgare utdanning innan rekneskap eller revisjon.
– Erfaring og kunnskap om kommunerekneskap.
– Erfaring med rekneskapsrevisjon.
– Gode kommunikasjons- og formidlingsevner, under dette god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
– Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta, systematisk og effektivt.
– Gode IT-kunnskapar.
Stilling som forvaltningsrevisor:
Ønska kvalifikasjonar:
– Høgare utdanning innanfor relevante fagområde; samfunnsvitenskap, personalforvaltning, jus, økonomi, revisjon eller offentleg forvaltning.
– Erfaring med forvaltningsrevisjon.
– Erfaring og kunnskap om kommunal forvaltning.,
– Gode kommunikasjons- og formidlingsevner, under dette god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
– Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta, systematisk og effektivt.
– Gode IT-kunnskapar.
Arbeidstakarar blir tilsette i Vestland Revisjon KO på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Ein må rekne med noko reiseverksemd.
Det kan blir stilt krav om politiattest for god vandel.
Stillingane får kontorstad i Sogndal.
Nærare opplysningar om stillingane får du ved å vende deg til dagleg leiar Asgeir Tveit tlf. 908 74 388.
Søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar vert å sende til Vestland Revisjon KO, Postbok 487, 6803 FØRDE eller epost innan 27. mai 2022.
Om arbeidsgiveren
Vestland Revisjon KO er eit interkommunalt revisjonsselskap som primært yter revisjonstenester til eigarkommunane. Selskapet er eigd av kommunane Askvoll, Bremanger, Fjaler, Gloppen, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Kinn, Luster , Sogndal, Solund, Stad, Stryn, Sunnfjord, Vik og Årdal. Hovudkontoret ligg i Førde. Selskapet har desentralisert struktur med regionkontor i Florø, Sogndal, Hyllestad, Nordfjordeid og Stryn.
Selskapet dekkjer trongen for revisjonstenester til eigarkommunane, som omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, selskapskontroll, etterlevingsrevisjon, attestasjonsoppgåver og rådgjeving. Oppdragsporteføljen omfattar i tillegg til kommunar interkommunale selskap, kommunale føretak, kyrkjelege fellesråd, private barnehagar, legat, stiftingar og foreiningar. Selskapet nyttar nynorsk som arbeids- og administrasjonsspråk.
Søk på stillingen her.
Spørsmål om stillingen
Asgeir Tveit, Dagleg leiar
Telefon 57 61 26 44 Mobil 908 74 388