Regional utviklingsrettleiar – Kompetanseløftet i Hallingdal
Engasjement i 100% stilling frå 1.8.2023 til 30.6.2026
Beskriving
Grunnskolane og barnehagane i Hallingdal, i samarbeid med PPtenestene i Hallingdal, lyser med dette ut ein 100 % stilling som regional utviklingsrettleiar for arbeid med Kompetanseløftet i Hallingdal.
Arbeidet med kompetanseløftet er forankra i felles regional prosjektplan og skal vere eit varig kompetanseløft på det spesialpedagogiske feltet. Kompetanseløftet er eit tiltak for leiarar og tilsette i barnehagar, skolar og PPT. Det skal bidra til at alle har tilstrekkeleg kompetanse tett på barna. Målet er å kunne førebygge, fange opp og gi eit inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod til alle.
Utviklingsrettleiaren skal overordna bidra til at barnehagar, skolar og PPT, ser Kompetanseløftet i samanheng med rammeplan for barnehagen og fagfornyinga i skolen, og dessutan ser det allmennpedagogiske og spesialpedagogiske tilbodet i samanheng.
Utviklingsrettleiaren skal ha eit nært samarbeid med PPT, kompetanseutvala for skole og barnehage, og dessutan det regionale oppvekstlederforumet.
Dine oppgåver
- Vere prosessdrivar og bindeledd mellom HVL, PPT, 12 skolar og 24 barnehagar.
- Sørge for informasjonsflyt og medverke i planlegging og gjennomføring.
- Følge opp kommunane – med fokus på å opparbeide eit godt kunnskapsgrunnlag, kvalitetsutvikling, varig drift og dokumentasjon.
- Sørge for kompetanse og erfaringsdeling.
Kven er du?
Vi søker etter deg som har relevant høgare utdanning, brei praksis og som har god innsikt i leiing av utviklingsprosessar i skole og barnehage. Du må vere initiativrik, kunne arbeide sjølvstendig, ha god gjennomføringsevne, kunne samarbeide og ha dialog med alle involverte partar.
Du må vere analytisk og systematisk, for å kunne vurdere behov og legge til rette for at Hallingdal bygger eit godt lag rundt barn og elevar. Personleg egnethet vil bli vektlagt ved tilsetting.
Arbeidet vil medføre reiseverksemd. Stillinga krev at du disponerer eigen bil, mot godtgjering (statens satsar).
Tilsetting skjer på kommunale vilkår, med konkurransedyktig lønn og tenestepensjon i KLP.
Kontorstad er Gol, arbeidsgivar er PPT og OT i nedre Hallingdal IKS.
Meir informasjon om stillinga finn du her (nav.no)
Søknad med vedlegg blir sendt PPT og OT i nedre Hallingdal IKS: [email protected]
Kontaktperson for stillinga
Gry E. Bjerknes, dagleg leiar
Telefon: 974 86 183
E-post: [email protected]
Søknadsfrist: 15. august 2023