Rådgjevar/seniorrådgjevar

 

Arbeidsgiver Vestland fylkeskommune

Stillingstittel Rådgjevar/seniorrådgjevar

Frist 01.04.2024

Ansettelsesform Fast

Nyoppretta administrativ stilling med hovudvekt på skuleadministrative oppgåver.

Arbeidsoppgåver

  • Skulen vår er i sterk vekst og arbeidsoppgåvene ved merkantil avdeling er i endring. Hovedtyngden av oppgåver lagt til stillinga vil vera arbeid med det skuleadministrative systemet Visma in School – inkludert elevadministrasjon, dokumentasjon, vikarhandtering og løn samt generell kvalitetssikring. I tillegg vil den som blir tilsett få stort ansvar innan økonomistyring og budsjettoppfølging.
  • Avdelinga har også ansvar for bl.a. innkjøp, lønn, tilsetjingar, utleige, kantinedrift, eksamensavvikling og inntak av elevar. Det er difor store muligheiter for tilpasning og endring i arbeidsoppgåver over tid. Avdelinga er også ansvarleg for merkantile oppgåver som publikumsmottak, sentralbord og arkiv samt elev- og tilsettstøtte. Det er naturleg at alle på avdelinga bidreg på dette området i varierande omfang.
  • Dersom ein ynskjer det er det også gode høve til deltaking i fellesprosjekt i Vestland fylkeskommune – alt etter interesse, kapasitet og erfaring.

Kvalifikasjonar

  • Høgare økonomisk/administrativ utdanning, minimum bachelor
  • Relevant kontorfagleg kompetanse og erfaring
  • Kjennskap til og interesse for skuleadministrative system, spesielt Visma in School
  • Kjennskap til og interesse for administrativt arbeid med tilsetjingar og lønsarbeid
  • Svært gode kunnskapar og interesse for bruk av digitale administrative verktøy

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt

Personlege eigenskapar

  • Me søkjer ein kollega som trives i ein uforutsigbar arbeidsdag saman med kjekke og fleksible kollegaer som ynskjer å bidra til å utvikla ein god skule og ta vare på det gode arbeidsmiljøet vårt.
  • Mykje av arbeidet handlar om å halde god orden og kontroll samt yte service, så me ynskjer oss ein kollega som kan jobbe strukturert og nøyaktig samstundes som ein gjev opplæring og støtte der det trengs.
  • Du må vera både sjølvstendig og trivast med å jobba tett saman med andre. Arbeidspresset varierar mellom dei tilsette på avdelinga og gjennom skuleåret, og me er heilt avhengige av å avlaste der det trengs når det toppar seg.

Vi tilbyr

  • Dersom du blir del av teamet vårt får du ein arbeidsdag med kjekke kollegaer som bryr seg om deg. Me har ein god og uformell tone oss i mellom, og latteren sit laust i den opne kontorløysinga vår.
  • Du får høve til å påvirke innhaldet i stillinga og vil få bryne deg på både vanlege, rutineoppgåver, samtidig som du vil bli utfordra på løysing av oppgåver du ikkje har vore borte i før. Du vil få dagar med roleg tempo og tid til fordjupning – og dagar der du knapt rekk å få i deg lunsjen.
  • Me har god avspasseringsordning og gode høve for kompetanseutvikling både i arbeidsdagen og i form av kursing. Kontorlokala er heilt nye med gjennomtenkte løysingar for eit godt fysisk arbeidsmiljø.
  • Lønns- og arbeidsvilkår i tråd med avtaleverket for Vestland Fylkeskommune.

Me gjer merksam på at søkjarar kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om ein har bedt om anonymitet. I så fall vil du verta varsla om dette.

Før tilsetjing i vidaregåande skule må ein kunne leggje fram politiattest.

 

Søk på stillinga her.

Spørsmål om stillingen

Camilla Cecilie Hauge Vikane, leiar administrasjon

Telefon  93 80 91 46

 

Arbeidssted: Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Camilla Cecilie Hauge Vikane
  • Tittel: Leiar administrasjon
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon 93 80 91 46

Lokasjon

  • Kleppestø

Søknadsfrist

April 1, 2024