Rådgiver
Vi jobbar med digital utvikling innanfor alle tenesteområde. Hos oss får du vera med på spennande prosessar frå idear og politiske avgjerder til realisering av framtidenes digitale løysningar.
Me søkjer ein dyktig og engasjert prosjektleiar for innkjøp og implementering av nye digitale løysningar.
Nome og Midt-Telemark kommune har sett i verk eit prosjekt med mål om å skaffa og implementera eit nytt felles sak/arkivsystem innan utgangen av 2024.
Ramma for innkjøpet er ein Noark 5 komplett-løysning som mellom anna skal oppfylla krav til saksbehandling, møte- og utvalsbehandling, plan- og byggjesak og elektroniske arkiv. Løysningen skal leggja til rette for enkel dokumentfangst, behandling, elektronisk flyt, oppfølging, godkjenning og ekspedering av dokument.
Løysningen skal òg støtte opp om automatisering av oppgåver i saksbehandlingsprosessen.
Stillinga er fast og vil inngå i digitaliseringa og prosjektarbeidet til kommunen.
Stillinga er for tida organisert under Nome og Midt-Telemark IKT avdeling
- Søknadsfrist: 28.08.2023
- Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
- Stillingstittel: Rådgiver
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4691289542
- Startdato: 01.09.2023
Arbeidsoppgåver
- Leia arbeidet med kravspesifisering og val av nye digitale løysingar
- Leia og koordinera arbeidet med innføring av nye digitale løysingar i begge kommunar
- Rapportering og økonomiansvar
Kvalifikasjonar
Krav til kompetanse
- Høgskule / Universitet, Diplom / Bachelorgrad eller tilsvarande, helst innan IT, leiing, og/eller administrasjon
Ønska kvalifikasjonar
- Erfaring frå offentleg saksbehandling og rutinar
- Ønskjeleg med formell utdanning i prosjektleiing
- Erfaring som prosjektleiar med gode referansar og resultat
- Kjennskap til Difis prosjektvegvisar og PRINCE2 metodikk er eit pluss
- Svært gode kommunikasjonseigenskapar på engelsk og norsk, både munnleg og skriftleg
- God forretningsforståing, gode leiareigenskapar, høg arbeidskapasitet, strukturert, målretta og fokus på å levera verdi og resultat
- Gode datakunnskapar
- Erfaring/sertifisering innan innkjøp i offentleg sektor
Særskilde krav:
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune skal gjennomførast før oppstart i stilling.
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- God kjennskap til offentleg sektor
- Utadvendt
- Resultatorientert
- Samarbeidsorientert/tilpassingsdyktig
- Sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner er ein føresetnad
- Språk: Må beherske Norsk og engelsk munnleg og skrifteleg
Ved tilsetjing vil det bli lagt vesentleg vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Stort ansvar og moglegheiter for å påverka gjennom tett samarbeid med interne og eksterne aktører
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Gode utviklingsmoglegheiter
- Stort fagleg miljø med høg kompetanse og engasjerte kollegaer
- Godt kollegialt samhald
- Lønn og andre vilkår etter avtale
- Fleksibel arbeidstid og elles gode vilkår
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intevju.
Bøgata 65, 3800 Bø, Norge
Kontaktinformasjon
Mari Mølstre
Fagleder Dokumnetsenter
Telefon:91800594
Øyvind Erikstein
Einingsleiar
Telefon:+47 95177692
Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10700 innbyggjarar.
Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg.
Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.