Sulatunet, Sula kommune
Rådgiver ved tiltakskontoret
Stillinga er for tida lagt til tiltakskontoret. Tiltakskontoret har ansvar for sakshandsaming og tildeling av tenester etter gjeldande reglar og lovverk. Tiltakskontoret kartlegger og utgreier i samarbeid med dei som søker tenester, med utgangspunkt i å oppnå størst mogleg sjølvstende i eige liv. Dette innebærer større fokus på kvardagsmeistring, rehabilitering og bruk av velferdsteknologi.
Arbeidsoppgåver
Tiltakskontoret behandlar søknader om kommunale tenester innanfor bistand og omsorg. Arbeidsoppgåvene som er lagt til stillinga er sakshandsaming etter helse- og omsorgstenestelova og omfattar tenestene: praktisk bistand/opplæring, helsehjelp, støttekontakt, dagtilbod, velferdsteknologiske løysingar, BPA og pårørandestøtte i form av avlastning og omsorgsstønad. Det er utstrakt samarbeid internt og eksternt.
Stillinga vil ha eit særskilt ansvar inn mot butenesta
Kvalifikasjonar
- Relevant treårig helse- og sosialfagleg høgskule eller universitetsutdanning, gjerne vernepleiarutdanning.
- Det er ønskeleg med erfaring frå sakshandsaming og koordinering av tenester.
- Stillingsinnhavaren må arbeide for å fremje hensiktsmessing kommuniksjon og gode relasjonar med alle aktuelle samarbeidspartnarar i og utanfor eiga avdeling.
- Førerkort klasse B.
- Krav om politiattest.
Personlege eigenskapar
- Du må ha gode samarbeidsegenskapar, samt evne til å lære bort.
- Du må være lojal mot kommunen sine samla ressurser
- Du må ha god arbeidskapasitet, være positiv, fleksibel.
- Du må vere sjølvstendig, systematisk, beslutningsdyktig og løsningsorientert.
- Du må være tydeleg, open, ærleg og empatisk i kommunikasjon med andre.
- Du må ha gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale.
- Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning.
Søknadsfrist: 19.02.2021
Arbeidsgivar: Sula kommune
Stad: Langevåg
Stillingstittel: Rådgiver
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4339217651
Stadsnesvegen 23, 6030 Langevåg
Kontaktinformasjon
Grethe Juul Molvær, Einingsleiar
70 19 82 05
[email protected]
Camilla Vee, Einingsleiar
70 19 82 03
[email protected]
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9300 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Med eit areal på 59 km² er Sula ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket. Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv.