Suldal kommune Overordna oppvekst

 

Vikariat som rådgjevar oppvekst

 

 

Er du klar for eit år som rådgjevar oppvekst? Me har komande skuleår ledig vikariat, med mogleg forlenging!

Suldal kommune har ledig 100 % vikariat som rådgjevar oppvekst frå 01.08.24.

Suldal har per i dag tre barneskular og ein 1-10 skule, to oppvekstsenter og fire barnehagar.

Rådgjevar skal arbeida direkte opp mot einingsleiarane, og vil vera ein del av kommunalsjef oppvekst sin stab.   

Suldal kommune har sterkt fokus på kvalitet i tenestetilbodet og jobbar for tida med desse satsingsområda:

  • IBS, inkluderande barnehage og skule
  • BTI, betre tverrfagleg innsats
  • Tidleg innsats
  • Psykologisk førstehjelp
  • Stort fokus på overgongen barnehage-skule
  • Barnehagane sitt utviklingsarbeid skjer barnehagebasert og er ein del av Rekomp, regional kompetanseutvikling. 

 

Hovudarbeidsoppgåver

Stillinga inneber blant anna heilt eller delvis ansvar for:

  • Aktiv støtte i barnehage- og skuleutviklinga, fremje aktive grep for å få ei god utvikling i heile sektoren
  • Felles kompetanseutvikling for dei tilsette i Suldalsbarnehagane og i Suldalskulen
  • Barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling der ein samarbeidar med Vindafjord og Sauda kommune
  • Vera eigar sitt kontaktledd til einingsleiarane i saker knytt til drift
  • Samordna opptak
  • Utøve deler av barnehagemynde sine oppgåver
  • Delta i interkommunale nettverk
  • Fordela ressursar til barnehage og skule
  • Systemansvar for digitale verktøy og fagsystem
  • Skriva saksutgreiingar, saksframlegg og utform planar
  • Saman med skuleskyssansvarleg jobba med saker knytt til skuleskyss
  • Forvaltingsoppgåver som etter lova ligg til kommunen

 

Kvalifikasjonar

Til denne stillinga i kommunalsjef sin stab ønskjer me ein person som:

  • Har formell barnehage eller skulefagleg pedagogisk kompetanse
  • Kan arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Har visjonar for barnehage, skule – og kompetanseutvikling
  • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring med utviklingsarbeid og forbetringsarbeid
  • Erfaring som leiar, eller erfaring på eigarnivå er ønskjeleg

 

Personlege eigenskapar

  • Du samarbeidar godt med andre og har evne til å jobba sjølvstendig
  • Du er strukturert, systematisk og målretta med god gjennomføringsevne
  • Du har relasjonelle ferdigheiter, god kommunikasjonsevne og evne til å skapa tillit
  • Du er analytisk og gjer gode vurderingar
  • Du må vere fleksibel og løysingsorientert, me legg vekt på personlege eigenskapar.

 

Vi tilbyr

  • Varierte oppgåver og spennande utviklingsarbeid
  • Et bredt samhandlingsfelt
  • Godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Offentlig tenestepensjon

 

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

 

Slik søkjer du:

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
  • Treng du hjelp, kan du venda deg til Organisasjon og innbyggarkontaktavdelinga på tlf 52 79 22 00

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg. 

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Rogaland
Jobbtype: Vikariat
Søknadsfrist: 09.06.2024
Tiltreding: 01.08.2024
Arbeidsstad: Suldal kommune, rådhuset

 

Kontaktpersonar:

Svein Carlos Nilsen Gjil
mob: +47 99078863

 

Heimeside:

/www.suldal.kommune.no/

 

Adresse:

Eidsvegen 7 4230 Sand

 

Suldal kommune Overordna oppvekst

Velkommen til Skattkammeret Suldal – Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft.

Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår.

Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg.

Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad.

Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen.

Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt.

Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!

Del stillingen

Selskap

Suldal kommune

Kontaktinfo

  • Svein Carlos Nilsen Gjil
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 99078863

Lokasjon

  • Sand

Søknadsfrist

Juni 9, 2024