Psykolog

 

Sosialtenesta

Er du psykolog og på utkik etter den ultimate muligheita til å kombinere jobb og eit aktivt friluftsliv – ja då er Stranda rette plassen for deg. Vi kan tilby unik natur, fjord og fjell, og har eit av dei beste Offpisteanlegga i Norge.

Stranda kommune har ledig nyoppretta 100% fast stilling som psykolog for snarleg tilsetjing.

Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.

Vitnemål, attestar og autorisasjonsdokument/HPR-nr. skal leggast ved søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.

  • I samsvar med nasjonale tilrådingar skal psykologen jobbe både på individ og systemnivå.
  • Stillinga blir i utgangspunktet delt i 50% klinisk arbeid og 50% systemretta arbeid. Dette inneber direkte pasientarbeid, rettleiing av personell i kommuna og systemarbeid
  • Undervisning om psykisk helse til pasientar, pårørande og fagpersonar
  • Stillinga vil ha særleg betydning i arbeid med å styrke fagutvikling innen psykisk helsetilbod/rus
  • Autorisert psykolog/psykologspesialist, kandidatar med master i psykologi vert ikkje vurdert
  • Forståing for tidleg intervensjon, forebyggande og helsefremmande arbeid
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Relevant erfaring frå arbeid med menneske med psykiske lidingar og/eller rusproblematikk
  • Den som vert tilsett må ha førarkort og disponere bil til tenestekøyring mot godtgjering etter staten sitt reiseregulativ
  • Evne til å ta iniativ og vere løysingsorientert
  • Evne til å samarbeide med andre profesjonar om tenesteutøving
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Muligheit for å vere med på å utvikle psykologrolla i kommunalt psykisk helse- og rusarbeid
  • Fagleg utvikling gjennom erfaring og deltaking i nasjonale og kommunale nettverkssamlingar for kommunepsykologar
  • Gunstige låne- og forsikringsordningar gjennom KLP
  • Lønn etter sentrale avtalar

 

Søknadsfrist: 20.05.2020

 

Arbeidsgivar:Stranda kommune

Stad: Stranda
Tittel: Psykolog
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4226110904
Stillingar: 1
Arbeidsstad Øyna 13, 6200 Stranda

 

Kontaktinformasjon

Aina Holmberg, Einingsleiar
(+47) 464 11 065

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Les meir

Del stillingen

Selskap

Stranda kommune

Kontaktinfo

  • Aina Holmberg
  • Tittel: Einingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: (+47) 464 11 065

Lokasjon

  • Stranda

Søknadsfrist

Mai 20, 2020