Den norske kirke, Møre bispedøme
Prost i Nordre Sunnmøre prosti
Det er ledig stilling som prost i Nordre Sunnmøre prosti. Vi søkjer ein prost som har efaring som leiar, og har klare tanker og visjoner for sitt leiarskap på dette nivå. Stillinga krev høg teologisk og kyrkjefagleg kompetanse, og gode leiareigenskaper både kyrkjefagleg og som arbeidsgjevar-representant. Det er forventa gode evner til samarbeid med ulike aktører og nivå i kyrkja, og med offentlege myndigheiter. Prosten skal motivere medarbeidarar og kyrkjelydar til å arbeide i samsvar med kyrkja sine mål og strategiar. Viktige kompetanser er evne til strategisk og heilskapeleg tenkning, problemløysing og vilje til samarbeid på tvers av leiarnivå og arbeidsgjevarlinjer. Gode ferdigheiter i kommunikasjon og mediehåndtering er naudsynt. Prostane i Møre har månadlege prostemøter, og har tilgang på vegleiing og leiarutvikling.
Møre bispedøme har 6 prosti. Nordre Sunnmøre prosti har 24 sokn, 5 fellesråd og p.t 24,5 prestestillingar. Nynorsk er tenestemål i Møre bispedøme og liturgimål i dei fleste kyrkjene i prostiet, med unnatak av Ålesund og Volsdalen der ein nyttar bokmålsliturgi.
Det er 35 kyrkjer i prostiet og ein når alle kyrkjene med køyretid 1,5 time inkl. ferge. Prosten vil ha kontorstad ved kontoret til Ålesund kyrkjelege fellesråd. Det er p.t knytt 70 % sekretærstilling til prostestillinga.
Prosten er forplikta til å følge dei mål og strategiar som gjeld for bispedømet, og utføre dei oppgåvene som ligg til prostestillinga. Stillinga som prost er p.t 100% og det er ikkje knytt fast kyrkjelydsteneste til stillinga. Prosten gjer presteteneste som biskopen fastset.
Ved tilsetting vil det bli lagt vekt på dei særskilte krava som blir stilt i utlysningsteksten. Søkjarane vert bedne om å svara på dei utfordringane som kjem fram her.
Velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Søkjaren vil verta kontakta før søkjarlista vert offentleggjort, dersom adminstrasjonen ikkje finn grunnane tilstrekkelege
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 01.04.2024
Arbeidsgiver: Den norske kirke
Sted: Ålesund
Stillingstittel: Prost i Nordre Sunnmøre prosti
Stillinger: 1
Heltid / Deltid: Heltid
Ansettelsesform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4752077565
Arbeidsoppgåver
Leiar av prestetenesta i prostiet i tråd med tenesteordning for prostar i Den norske kyrkje og bistår biskopen i si embetsgjerning.
Stillinga inngår i biskopen si leiargruppe, og skal bidra til strategisk og åndelig leiing. Prosten er og forplikta på dei mål og strategiar som er fastsett for rettssubjektet Dnk og i Møre bispedømme.
God personalhandsaming og tydeleg leiing og administrasjon er sentralt i stillinga
Prosten skal utøve kyrkjefagleg leiarskap for fleire og ulike kyrkjelege arbeidslag. Dette krev god dialog og godt samarbeid med kyrkjeverjene og dei kyrkjelege råda.
Prosten skal i samarbeid med kyrkjeverjer og fellesrådsleiarar vere med å fremja eit godt arbeidsmiljø, samarbeid og åndeleg fellesskap mellom dei kyrkjelege arbeidslaga i prostiet.
Prosten bistår tilsette og kyrkjelege organ med fagleg vegleiing, råd og støtte, og besøker sokneråd og stabar.
Leier prestetenesta i prostiet, og sørger for å legge til rette for god utnytting av dei økonomiske og menneskelege ressursane som er i prostiet.
Sjå til at prestane i prostiet forvalter Ord og sakrament slik at kristen tru og kristent liv blir fremja i kyrkjelydane etter gjeldande ordningar.
Sørgje for naudsynt samordning mellom prestetenesta og dei kyrkjelege råda si verksemd.
Deltek i prostemøter og i vegleiing for prostene.
Er med i beredskapsordninga for prestane.
Det tas atterhald om behov for endring som kan påverke stillinga knytt til arbeid med revisjon av prostigrenser.
Kvalifikasjonar
Søkjarane må fylle vilkåra for tilsetting etter “Forskrift om kvalifikasjonskrav for tilsetting som prest i Den norske kirke.”
Leiarutdanning og dokumentert leiarerfaring.
Ved tilsetting blir det lagt vekt på evne til å utøve åndeleg og kyrkjeleg leiarskap, men også personal-leiing og administrasjon, samt personlege eigenskapar.
Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje.
Ordinert søker som er statsborger fra annet EØS-land blir gjort oppmerksom på krav om attest som viser autorisasjon til prestetjenesten i Den norske kirke gitt av Kirkerådet, krav om medlemskap i Den norske kirke og krav om å beherske norsk språk, jf. «Forskrift om tilsetting av menighetsprest» § 6.
Søkjaren må opplyse om han/ho behersker begge målformer.
Personlege eigenskaper
Vi ser etter dokumenterte leiareigenskapar teoretisk og praktisk, gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner.
Du må kunne sjå, lytte og oppmuntre medarbeidarar og bidra til gode samarbeidsforhold, trivsel og engasjement.
Du må ha evne til å arbeide strategisk og strukturert.
God arbeidskapasitet i arbeidet både sjølvstendig, men også i team.
Evne til heilskapeleg refleksjon om den kyrkjelege verksemda.
Vi tilbyr
Løn etter hovedtariffavtalen for Den norske kirke, lønnskode 0933 prost.
Innskot i Statens pensjonskasse.
Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta
Gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing
Bedriftshelseteneste
Anna
For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet
Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20
Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne
Adresse:Langelandsvegen 17, 6010 Ålesund, Norge
Kontaktinformasjon
Bjørn Olaf Storhaug, Stiftsdirektør
Telefon: +47 928 10 040
Anne-Marit Hagelund, Avdelingsleiar personal
Telefon: +47 922 35 009
Om arbeidsgiveren
Nordre Sunnmøre prosti omfattar kommunane Ålesund, Giske, Sula, Sykkylven, Haram Stranda og Fjord med til saman 24 sokn, 97000 innbyggjarar og 24,5 årsverk i prestetenesta. Folketalet i soknet og i prostiet er veksande.
Ålesund lufthamn, Vigra, ligg berre ein halv time unna og har flysamband til resten av Norge og til utlandet. Sjå www.alesund.kommune.no for fleire opplysningar.
Ålesund er den største byen mellom Bergen og Trondheim. Folketalet i kommunen er om lag 65000. Byen er eit dynamisk regionsentrum for Sunnmøre. Næringslivet er forankra i maritime næringar, handel, offentlege arbeidsplassar og industri. Byen har tilbod om høgare utdanning gjennom høgskular og NTNU. Ålesund er ein særprega by som stadig tar imot eit aukande tal med turistar. Distriktet er óg særs attraktivt for turar og aktivitetar på sjø, i skog og på fjellet, sommar som vinter. Her kan vi nemne Stranda Skisenter som eit eldorado om vinteren. Geiranger verdsarvområde er og eit vakkert område i for turar og rekreasjon.